Navan

Koordinatar: 53°39′10″N 6°40′53″W / 53.65278°N 6.68139°W / 53.65278; -6.68139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Navan
Trimgate Street i Nacan
Trimgate Street i Nacan
Trimgate Street i Nacan
Plassering
Navan is located in
Styresmakter
Land
Provins
Grevskap
Irland Irland
Leinster
County Meath
Geografi
Flatevidd
 - By

km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
 - Storbyområde

3 406
24 851
Koordinatar 53°39′10″N 6°40′53″W / 53.65278°N 6.68139°W / 53.65278; -6.68139
Høgd over havet 42 m
Diverse annan informasjon
Heimeside: www.meath.ie

Navan (irsk An Uaimh, tyder «grotta») er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Meath.

Navan ligg om lag midt i grevskapet der elva Boyne renn i saman med Blackwater. Dublin ligg om lag 25 km i søraust, medan Drogheda ligg 25 km aust.

Det katolske bispedømet Meath hadde tidlegare sete i Navan, men dette vart flytta til Mullingar i Westmeath. Den største bly- og sinkgruva i Europa, Tara Mines, ligg utanfor Navan. Nær byen finn ein Brú na Bóinne med monument frå den yngre steinalderen, Tara, Skryne, Slane, Kells og Trim.

Tradisjonelt har teppeproduduksjon vore ein viktig industri i Navan, og møbelindustrien har òg stått sterkt. Begge er i nedgangstider, og mange selskap har flytta produksjonen til lavkostland. Likevel har den keltiske tigeren ført til kraftig vekst, ikkje minst på grunn av at det berre er rundt fem mil til Dublin slik at mange pendlarar har slått seg ned der.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Det var tidlegare passasjertog mellom Clonsilla og Navan, men dette vart lagt ned i 1963. Dei mange pendlarane må derfor bruke bil eller buss, og sjølv om hovudvegen N3 gjev raskt samband til hovudstaden er det ønske om å få oppretta ei ny passasjerlinje[1]

Linja som går gjennom byen vert framleis nytta av Iarnród Éireann til godstrafikk.

Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Av kjende personar frå Navan finn ein Francis Beaufort, kjend for vindskalaen, skodespelaren Pierce Brosnan som budde der i barndomen, og komikarane Dylan Moran og Tommy Tiernan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå Meath on Track, kampanjen for å få nye linjer i grevskapet.