Navlestreng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Navlestrengen på eit born tre minutt etter fødselen. Klemmer er sett på strengen.

Navlestreng (funiculus umbilicalislatin) er sambandet mellom morkake og foster under graviditet.. Navlestrengen sørger for at fosteret får nok næringsstoff og oksygen. Hjå menneske er han om lag 50 cm lang, og blir klypt av etter at fødselen er overstått. Stubben som står att turkar ut og fell av om lag ei veke etter fødselen, og navlen kjem til syne.

Straumen av blod gjennom navlestrengen er om lag 35 ml / min 20 veker ut i svangerskapet og 40 ml / min etter 40 veker.

Under graviditeten hender det at fosteret kjem i klem frå navlestrengen, av og til ligg navlestrengen rundt nakken på fosteret. Det hender også at det oppstår knute på navlestrengen og fosteret kan få mindre næring.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.