Nawaz Sharif

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mian Muhammad Nawaz Sharif
urdu میاں محمد نواز شریف
Nawaz Sharif profile.jpg
Statsminister i Pakistan
Regjeringstid 1. november 199018. juli 1993
17. februar 199712. oktober 1999
Fødd 25. desember 1949 i Lahore
Føregjengar Ghulam Mustafa Jatoi
Malik Meraj Khalid

Nawaz Sharif (fødd 25. desember 1949) er ein pakistansk politikar og tidlegare statsminister, fødd i Lahore i Punjab. Han er blitt vald til statsminister to gonger, og leia mellom anna landet då det prøvesprengde si første atombombe i 1998.

Sharif blei avsett i eit militærkupp av general Pervez Musharraf i 1999, og året etter stilt for retten for mellom anna korrupsjon, kapring og terrorisme, dei to siste punkta i samband med forsøket hans på å avsetja Musharraf som militærleiar. Høgsteretten i Pakistan dømde han til livstid i fengsel, ein bot på 20 millionar rupiar og forbaud han å delta i pakistansk politikk og å ha ei offentleg stilling dei neste 21 åra. Fengselsstraffa blei seinare omgjort til landsforvising til Saudi-Arabia.

Den 10. september 2007 prøvde Nawaz Sharif å venda tilbake til Pakistan, men same dagen han landa blei han send tilbake til Saudi-Arabia av Musharraf.[1] 25. november same året fekk han likevel løyve til å venda tilbake til landet, og erklærte at han kom til å stilla som kandidat i parlamentsvalet i januar 2008.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Fotnotar[endre | endre wikiteksten]