Naypyidaw

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Naypyidaw ((နေပြည်တော်)
by og hovudstad
none  Uppatasanti-pagoden
Uppatasanti-pagoden
Land Flag of Myanmar.svg Burma
Areal 7 000 km²
Grunnlagd 2005
Citylocator naypyidaw.png

Naypyidaw er ein ny by som blei hovudstaden i Burma (Myanmar) i 2005. Naypyidaw ligg sentralt i landet, i Kyatpyae-området, 3 km vest for byen Pyinmana og rundt 32 mil nord for den tidlegare hovudstaden Yangon. Namnet «Naypyidaw» kan bety 'kongepalass', 'kongeby' eller 'kongssete'.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Flyttinga av hovudstaden til det nyleg rydda jungelområdet blei overraskande annonsert i 2005, og dei administrative funksjonane blei offisielt flytta 6. november det året. Bygginga av byen hadde allereie gått føre seg i løynd i fleire år.

dagen til dei væpna styrkane den 27. mars 2006 marsjerte over 12 000 soldatar i ein militærparade under det første offisielle arrangementet i den nye hovudstaden. Det var også då namnet Naypyidaw blei offisielt annonsert.

Pyinmana like ved Naypyidaw var hovudbase for frigjeringshæren i Burma. Det var i Pyinmana at hæren trente soldatar og offiserar.

Geografi og bygningar[endre | endre wikiteksten]

Naypyidaw dekkjer 7000 km² og er delt inn i ulike soner for administrasjon, marknad, hotell og restaurantar. Han har fleire nye, prangande bygningar med god plass mellom seg, mellom anna det burmesiske parlamentet, presidentpalasset og Uppatasanti-pagoden, ein modell av Shwedagon-pagoden i Yangon. Det finst også fleire museum og ein dyrehage her.

Byen har lufthamn og vegsamband til Yangon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Naypyidaw

Kjelder[endre | endre wikiteksten]