Ne Win

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ne Win

Statsborgarskap Myanmar
Fødd 24. mai 1911
Paungdale
Død

5. desember 2002 (91 år)
Yangon

Yrke offiser, politikar, militær leiar
Språk burmesisk, engelsk
Politisk parti Anti-Fascist People's Freedom League, Burma Socialist Programme Party
Religion Theravada, buddhisme
Ektefelle June Rose Bellamy
Ne Win på Commons

Bo Ne Win (10. juli 19115. desember 2002), fødd under namnet Shu Maung, var militærleiaren og den «sterke mann» som leia Burma mellom 1962 og 1988.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Ne Win, opphavleg Shu Maung, kom frå høgare middelklasse i Paungdale, om lag 320 km frå Rangoon. Familien hans var opphavleg kinesisk. Med biologi som fag på universitetet i Rangoon håpte han på å bli lege, men han strauk og slutta etter to år. Han fekk jobb som postmann, og i 1930-åra vart han medlem av nasjonalistgruppa Dobama Asiayone («We Burmans Association»), saman med mellom andre Aung San og U Nu. Han jobba seg oppover i organisasjonen, og i 1941 var han med de sokalla «Thirty Comrades» som trente med japanske styrkar under krigen. Han hadde også ein leiande posisjon i Burmese Independence Army (BIA). I løpet av denne tida skifta han namn til Bo («kommandør») Ne Win («Strålande sol»). Tidleg i 1942 var han med då japanarane rykte inn i Burma for å ta det av britiske hender.

Men BIA vende etter kvart ryggen til japanarane då det vart klart at dei ikkje kom til å gje dei sjølvstende sånn som dei hadde lova. Mot slutten av den andre verdskrigen, i mars 1945, allierte dei seg med britane. Ne Win, som var ein av BIA sine kommandørar, var raskt ute med å skaffe seg kontaktar blant britane. Han deltok på Kandy-møtet, og leia fleire tiltak imot kommunistiske undergrunnsorganisasjonar i Pyinmanaområdet i perioden 1946-8.

Burma vart sjølvstendig 4. januar 1948, og dei første 14 åra hadde dei ei parlamentarisk regjering og tilsynelatande demokrati under statsminister U Nu. Men landet var svært splitta politisk, mellom anna illustrert gjennom drapet på frigjeringshelten Aung San i 1947. Omstenda rundt dette er ikkje fullt klarlagde; Den politiske rivalen U Saw vart dømd for medverknad, men det går også rykte om at britiske offiserar i mellomsjiktet skal ha hatt noko med mordet å gjere.

I kjølvatnet av frigjeringa var det opprør både i hæren og blant fleire etniske minoritetsgrupper. I 1949 vart Ne Win spurt om å overta stillinga som øvstkommanderande i hæren for å rydde opp i dette. Han omstrukturerte styrkane og gjenoppretta samhaldet, men landet var framleis politisk splitta og regjeringa var lite effektiv.

Ne Win som diktator[endre | endre wikiteksten]

I 1958 vart partiet Anti-Fascist People's Freedom League (AFPFL) splitta i to på grunn av politisk usemje, og leiar og statsminister U Nu var nær ved å bli felt på mistillitsforslag. Han gjekk til Ne Win og tilbaud han å bli mellombels statsminister. Denne oppgåva meistra han godt, og landet vart styrt bra under denne «barnepassar-regjeringa». I februar 1960 var det val i landet, og i april same året, overlét Ne Win igjen makta til U Nu.

Men mindre enn to år seinare, 2. mars 1962, tok Ne Win tilbake makta, denne gongen gjennom eit militærkupp og som leiar av partiet Burma Socialist Programme Party (BSPP). Han innførte eit system som inneheld element av ekstremnasjonalisme, marxisme og buddhisme. Mellom anna var planen nå isolere landet heilt frå resten av verda. I ti år kunna ikkje utlendingar opphalde seg i landet i meir enn tre døger, tidleg på 70-talet vart visumperioden utvida til ei veke. Økonomien vart nasjonalisert, utlendingar vart utviste, politiske motstandarar vart fengsla og etniske opprør vart slått hard og brutalt ned på. Alt som eit ledd i det Ne Win og Revolusjonsrådet kalla «den burmesiske vegen til sosialisme». Dei største minoritetsproblema hadde dei i søraust, der britane hadde lova karenfolket sitt eige land i forkant av frigjeringa. Protestar mot regimet vart hardt slått ned på, som til dømes studentprotestane i Rangoon i 1962, som enda med at titals studentar var skotne ned og drepne og hovudkvarteret til studentunionen RUSU vart sprengt i lufta.

Ne Win vart gift til saman fem gonger, og har mist fem barn til saman frå desse ekteskapa. I 1972 døydde favorittkona hans, Khin May Than, alias Kitty Ba Than og dette skal ha gått hardt inn på han. Han vart også kjent for å vere svært opptatt av astrologi og nummerologi. Han hadde fleire privat tilsette astrologar som skulle gi han råd ut ifrå spådommane sine, og ryktet seier at dersom sjefsastrologen hans «såg» eit kommande blodbad, ville Ne Win stille seg framfor spegelen, sprute blod frå eit slakt i spegelen og skyte på sitt eige spegelbilete. Sånn skulla han unngå å bli drepen i røynda. I 1987 fekk han høyre frå astrologen sin at 9 var lykketalet hans. Følgjeleg bestemte han at alle pengesetlar frå no av skulla ha tverrsummen ni eller innehalde talet ni - og folk sine oppspara pengar vart verdilause over natta.

Ne Win sitt vanstyre av landet fekk etter kvart særleg dei utdanna massane til å forlate landet. Etterverknadene av dette merkast framleis i Mynamar. Den proteksjonistiske politikken hadde også store skadeverknader på økonomien. Folk fekk ikkje tak i grunnleggjande varer, svartebørsmentaliteten herja, og staten gjekk også gradvis konkurs. I 1987 erklærte FN Burma som eitt av dei minst utvikla landa i verda MUL-land.

Våren 1988 kom det igjen til massive demonstrasjonar mot regimet, og 23. juli gjekk Ne Win av som leiar for BSPP og dermed revolusjonsrådet. Men etter ein kort «demokratisk sommar» vart han erstatta av general Saw Maung, som oppretta det om mogleg enno meir brutale SLORC (State Law and Order Restoration Council). Mange meiner at Ne Win figuerte i kulissane i minst ti år etter at han offisielt gjekk av. Men frå om lag 1998 byrja posisjonen hans å krympe synleg. I september 2002 vart ein av svigersonane hans dømt til dauden for å ha planlagt eit kupp i tidlegare SLORC, det som no heita SPDC (State Peace and Development Council). Dette fekk Ne Win sitje i husarrest for frå mars 2002. Han døydde 5. desember 2002, 92 år gamal, framleis ikkje frigjeve. Det faktum at han ikkje fekk verken ei statleg bisetjing eller noko anna synleg merksemd, tyder på at han hadde fall grundig i unåde hos dei som i dag sit med makta i Myanmar.