Nebbkval
| Nebbkval | ||
|
Status i verda: Utilstrekkeleg data
|
||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Dyr | |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr | |
| Underrekkje: | Virveldyr | |
| Klasse: | Pattedyr | |
| Orden: | Kvalar | |
| Underorden: | Tannkvalar | |
| Familie: | Spisskvalfamilien | |
| Slekt: | Hyperoodon | |
| Art: | H. ampullatus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Hyperoodon ampullatus | ||
Nebbkval, Hyperoodon ampullatus, er ein tannkval i spisskvalfamilien. Han er nært i slekt med sørnebbkvalen, som lever på den sørlege halvkula, men denne vert rekna som ein eigen art. Nebbkvalen lever i Nord-Atlanterhavet, både på amerikansk og europeisk side. I europeiske farvatn lever han frå Gibraltar i sør til Svalbard i nord. Han fyller ei snever nisje i økosystemet, ved å leva hovudsakleg av blekksprut av slekta Gonatus. Han fangar maten sin hovudsakleg nær havbotnen, på djupner heilt ned til 1400 meter.[1] Det vart drive kommersiell kvalfanst på nebbkvalen frå 1850-åra til 1970-åra. 80 000 individ vart fanga totalt.[2] Det meste av fangsten på arten vart driven frå Noreg, men Noreg avslutta denne fangsten i 1973.[1] Bestanden i norske farvatn har teke seg opp att etter fredninga, men har truleg endå ikkje nådd nivået frå før fangsten tok til.[2]
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
- ↑ 2,0 2,1 Artsdatabanken.no