Nebula Award

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nebula Award (Nebulaprisen) er ein litteraturpris som blir delt ut årleg av amerikanske Science Fiction and Fantasy Writers of America (SFWA) for beste fabelprosa utgjeve i USA i dei to føregåande åra. Vinnarane får ein pokalen som er ei gjennomsiktig blokk med ein glitrande modell av ei stjernetåke (eng. nebula) inni.

Kategoriar i prisutdelinga[endre | endre wikiteksten]

Nebula blir delt ut i fem forskjellige kategoriar: Roman, kortroman, langnovelle, novelle og manuskript. Desse kategoriane blir definerte etter lengde:

  • Roman: Eit verk med meir enn 40 000 ord.
  • Kortroman: Eit verk med minst 17 500 ord, men under 40 000 ord.
  • Langnovelle: Eit verk med minst 7 500 ord, men under 17 500 ord.
  • novelle: Eit verk på under 7 500 ord.
  • manuskript: Eit manuskript for TV, radio, film eller teater.

Det finst òg meir spesielle Nebula-prisar som ikkje vert delte ut årleg. Author Emeritus for bidrag på feltet fabelprosa. Damon Knight Memorial Grand Master for livslange bedrifter, gjerne eit forfattarskap. Bradburyprisen for særs godt arbeid med filmmediumet. Andre Norton-prisen for fabelprosa retta mot eit yngre publikum. The SFWA Award er ein fortenestepris.

Historie og vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Den første utdelinga var i 1965, då Frank Herbert vann beste roman med Dune. Ein del forfattarar har vunne fleire prisar. Connie Willis, Joe Haldemann, Greg Bear, Lois McMaster Bujold, Harlan Ellison, Ursula K. Le Guin og Roger Zelazny utmerkjer seg her med tre eller fleire Nebula.

Liknande prisar[endre | endre wikiteksten]

På den årlege World Science Fiction Convention («Worldcon») delar ein ut Hugo Award og John W. Campbell Award. Hugo Award blir stemt fram av fans av science fiction. Campbellprisen blir gjeve for beste nye skribent innan sjangeren og er sponsa av utgjevarane bak magasinet Analog, som hadde Campbell som ein av dei mest sentrale redaktørane i si historie.

I andre samanhengar vert ein John W. Campbell Memorial Award for beste novelle innan science fiction vald av ein jury. Denne prisen har ikkje noko samanheng med Worldcon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]