Nedbørmålar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Standard regnmålar

Ein nedbørmålar eller regnmåler er eit apparat for måling av den nedbørmengda som fell i løpet av ei visst tidsrom. Målaren er vanlegvis utforma som ein sylindrisk behaldar med ei trakt som samlar nedbøren og vernar mot fordamping.

Ein finn nedbørmengda ved å helle vatnet opp i eit måleglas eller stundom ved hjelp av ein skala på sjølve målaren. Om nedbøren kjem som snø eller hagl, må han smeltast før han kan målast. På norske stasjonar vert det nytta målarar som har eit oppsamlingstverrsnitt på 200 eller 225 cm². Dei vert plassert om lag 1,5 meter over bakke, og slik at overflata vert vassrett. For måling av snø kan behaldaren gjerast større ved at ein fjerne ei laus trakt. Det vert òg nytta eigne snømålarar.

Sjølvlensande regnmålarar har gjerne ein vassoppsamlar med volum som tilsvarar ei viss nedbørsmengd, til dømes 1 mm. Oppsamlaren tippar og vert tømd kvar gong han vert full, og eit teljeverk registrerer nedbørsmengda.

Pluviograf[endre | endre wikiteksten]

Pluviografar er automatiske nedbørmålarar som registrerer nedbørmengda fortløpande, ned til eitt minutts oppløysing. Ein vanleg teknikk er basert på å registrere vekta av den nedbøren som fell. Nedteikning av av høgda på vasspegelen i ein spesialkonstruetrt nedbørmålar vert òg nytta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]