Nedre Glomma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nedre Glomma er eit interkommunalt samarbeidsområde og distrikt i den sørlege delen av Østfold fylke som omfattar dei tre kommunane Hvaler, Fredrikstad og Sarpsborg. Distriktet som heile har eit areal på 783 kvadratkilometer [1], 129 147 innbyggjarar (1. juli 2009), og ligg ved utløpet av landets lengste elv, Glomma.

Tettstaden Fredrikstad-Sarpsborg utgjer landets femte største samanhengjande tettstadområde med 101 698 innbyggjarar (1. januar 2009) [2] som fordeler seg på dei to byane.

Administrative inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]