Nedre Glomsjø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nedre Glomsjø er ein tidlegare innsjø på Austlandet i Noreg, og var ein bredemd innsjø. Innsjøen låg mellom iskanten sør for Alvdal og vasskiljet mot Trøndelag, der han hadde utløp gjennom Rugledalen. Innsjøen var større enn Mjøsa

For kring 9200 år sidan brast isen og 100 kubikkilometer vatn fløymde i løpet av berre nokre få veker ut av innsjøen mot Rendalen. Det var under denne hendinga at Jutulhogget vart grove ut. Isfjell, grus og sand vart vaska bort av dei enorme vassmengdene frå den sørlege brekanten, som då låg nær Elverum. Langs Glomma, i området sør for Elverum, vart det avsett store mengder sandterrassar. Då flaumvatnet raste gjennom Østerdalen var flaumbølgja 40 meter høg. Det meste av vatnet svinga vestover og skapte storflaum på Romerike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]