Nedsjd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Nedsjd i Saudi-Arabia.

Nedsjd (ar. نجد , 'Høglandet') er ein region i det indre av Den arabiske halvøya som omfattar kjerneområdet av Saudi-Arabia. Han dekkjer eit område på ca. 1,1 mill. km². Nerdsjd er eit platå som skrånar nedover frå vest mot aust. Det har ei høgd på mellom 762 og 1525 moh. Den saudiarabiske hovudstaden Riyadh og byane Buraidah, Unaizah og Ar-Rass ligg her.

På midten av 1700-talet blei Nedsjd sentrum for wahhabittane, som utvida riket under Ibn Saud. I 1921 blei Nedsjd eit sultanat og i 1927 kongerike. Frå 1925 kom det i personalunion med Hedsjas, og i 1932 fekk denne staten namnet Saudi-Arabia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]