Neem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neem
Neem
Neem
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sapindales
Familie: Meliaceae
Slekt: Azadirachta
Art: Neem A. indica
Vitskapleg namn
Azadirachta indica

Neem eller nim (Azadirachta indica) er eit eviggrønt tre i mahognifamilien (Meliaceae). Det stammar frå Sør-Asia og veks i tropisk og halvtropisk klima. Det blir brukt til å laga neemolje som har ei rekkje bruksområde innan medisin, kosmetikk og som insektsmiddel. Det er svært motstandsdyktig mot tørke og skadedyr, og kan også opptre som ein invasiv art rekna som ugras på stader det er blitt innført til.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Blomar i Hyderabad i India.
Blada på eit neemtre.
Neem-frø.

Neem kan bli 15 meter høgt, og veks raskt. Det har grov, gråfarga bork. Greinene er lange og breier seg vidt ut frå stammen. Trekrona på frittståande tre kan nå ein diameter på 15–20 meter. Dei finnete, motsette blada blir rundt 30 lange og har 8-19 sagtakka småblad. Neem er eviggrønt, men kan mista mesteparten av blada sine ved sterk tørke.

Blomane er gulkvite, velluktande og små og sit i klasar. Fruktene er gule og inneheld eitt oljerikt frø kvar.

På utsjånad kan neem minna om ein nær slektning, paternostertre (Melia azedarach).

Neemtre på Filippinane.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Neem stammar frå Burma og India. Treet veks vilt og dyrka i store delar av India, Burma og Sri Lanka. Det er også innført til Pakistan, Bangladesh, Søraust-Asia, Midtausten, Madagaskar, delar av Afrika, som Vest-Afrika og kyststatane mot Indiahavet og delar av Amerika.

Treet er kjend for å tola lite vatn. Det trivst i område med årlege nedbørsmengder rundt 400-1200 mm. Treet kan klara seg med mindre nedbør, men er då avhengig av grunnvatn. Neem kan veksa i fleire ulike jordsmonn, men veks best i sandete, veldrenert jord. Det er motstandsdyktig mot skadedyr og sjukdommar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Sal av neempinnar til tannpleie.

Neemtre blir planta for å gje skugge i tørre område der mange andre vekstar kan ha vanskar med å veksa.

Unge skot og blomar av treet blir brukt som grønsak i indisk mat, til dømes som suppe (veppampoo rasam) i Tamil Nadu, forrett av steikte blomar (nim begun) i Vest-Bengal.[1] I Burma koker ein dei neemblomane saman med tamarind for å gjera dei mindre bitre. Ein kan også sylta neemblad til pickle.

Neem blir brukt innan tradisjonell indisk (ayurveda) og muslimsk (unani) lækjekunst og er rekna for å hemma betennelsar, senka feber, drepa parasittar, lækja sår, reinska blod, senka blodtrykk og blodsukkernivå og anna. Han er også blitt brukt til å hindra befruktning. Planten blir brukt mot ei rekkje hudplager, som utslett, eksem, psoriasis, kviser og ulike hudinfeksjonar.

Neemolje blir brukt til kosmetikkprodukt som såpe, sjampo, tannkrem og ulike salvar og kremar. Det finst lang tradisjon for å bruka unge greiner frå treet til å pussa tennene og tunga med.[2][3] Ein studie har vist at neem er like effektivt som tannkost til å redusera plakk og gingivitt.[4][5] Neemblad kan brukast til ansiktsmaske.

Ein bruker uttrekk av neem som sprøytemiddel mot insekt. Borken av treet blir brukt til å laga tau i landsbyar i India.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Neem Baigan». 
  2. Bergen, Teresa. «Uses of Neem Datun for Teeth». eHow. Henta 16 July 2013. 
  3. «Make A Neem Toothbrush (Neem Tree Home Remedies)». Discover Neem. Birgit Bradtke. Henta 16 July 2013. 
  4. Bhambal, Ajay; Sonal Kothari; Sudhanshu Saxena; Manish Jain (September 2011). «Comparative effect of neemstick and toothbrush on plaque removal and gingival health – A clinical trial» (PDF). Journal of Advanced Oral Research 2 (3): 51–56. ISSN 2229-4120. Arkivert frå originalen (PDF) 5. november 2013. Henta July 2013. 
  5. Callahan, Christy (Oct 11, 2010). «Uses Of Neem Datun For Teeth». Livestrong.com. Demand Media. Henta 16 July 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Neem