Nefelin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nefelin

Generelt
KategoriSilikatmineral
Kjemisk formel(Na,K)AlSiO4
Identifikasjon
Molekylvekt146,08
FargeKvit, grå, brun, brunaktig grå, raudaktig kvit
KrystallformMassiv korna til prismatisk
KrystallsystemHeksagonal Romgruppe: P 63
TvillingPå [1010], [3365] og [1122]
Kløyv[1010] dårleg
BrotUndermuslig
Mohs hardleiksskala6
Glansglasaktig - feittete
StrekfargeKvit
Spesifikk vekt2,55–2,65, snitt = 2,59
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (-)
Brytingsindeksnω = 1,529–1,546 nε = 1,526–1,542
Dobbeltbrytingδ = 0,003 - 0,004
Andre eigenskaparikkje-radioaktiv, ikkje-magnetisk, ikkje-fluorescerande
Kjelder[1][2][3]

Nefelin, tidlegare kalla elæolitt, er eit vanlegvis grått til raudleg mineral med glas- til feittaktig glans, utan spalteretningar. Mineralet består av natrium-aluminiumsilikat, NaAlSiO4, med ein del kalium som erstattar natrium. Det er eit feltspatoid-mineral som blir danna i silikafattige bergartar (nefelinsyenitt, fonolitt). Nefelin vert omdanna forholdsvis lett til ulike zeolittar ved påverknad av hydrotermale løysingar.

Det finst i Noreg til dømes i bergarten lardalitt nord for Larvik og i pegmatittgangar ved Langesundsfjorden og på Stjernøya i Finnmark. Nefelin er eit viktig råstoff i glas- og porselensindustrien med nefelinsyenitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]