Neftejugansk
| Neftejugansk Нефтеюганск |
|||
|---|---|---|---|
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Føderasjonssubjekt | Khanty-Mansia | ||
| Grunnlagd Bystatus |
1961 1967 |
||
| Borgarmeister | Sergei Burov | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
154 km² |
||
| Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
114 700 744,8 /km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 40 moh | ||
| Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) |
||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 628300–628312 | ||
| Retningsnummer (tlf) | (+7)3463 | ||
| Nettstad: www.admugansk.ru | |||
Neftejugansk (russisk Нефтеюга́нск) er ein by i Khanty-Mansia i Russland med om lag 115 000 innbyggjarar (2007). Han ligg ved ei forgrening av elva Ob, 50 km sørvest for Surgut og 200 km aust for Khanty-Mansijsk.
Namnet på byen kjem frå det russiske nefte, som tyder «olje» og jugansk, som er avleidd av eit khantisk namn på ei lita elv nær byen.
Historie [endre]
Byen vart grunnlagt i 1967, etter at det vart oppdaga eit oljefelt i 1961. Den viktigaste og einaste store verksemda i byen er Juganskneftegaz, som vart grunnlagd i februar 1966. Økonomien til byen er framleis petroleumsbasert og han var eit viktig senter for det russiske oljeselskapet YUKOS, som eigde Juganskneftegaz.
På grunn av låge lønningar i YUKOS' var byen mindre velståande enn Surgut og mange prøver å flytte til Surgut for å arbeide for eit anna kjent russisk oljeselskap, Surgutneftegaz. Det er derimot ikkje lett på grunn av store skilnader i bustadprisane i Neftejugansk og Surgut.
I juni 1998 vart borgarmeisteren i Neftejugansk, Vladimir Petukhov, skoten og drepen og ein Yukos-tilsett vart siktet for drapet. Petukhov var ein av kritikarane av Yukos. 20. september vart viseborgarmeisteren i byen, Dmitrij Jegortsev, angripe med kniv og skadd. Ein annan viseborgarmeister, Igor Gribanov, døydde i ein brann i heimen sin i 2006.
Frå januar 2005 høyrer Juganskneftegaz til det statlege oljeselskapet Rosneft.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Neftejugansk» frå Wikipedia på bokmål, den 7. januar 2009.
|
|
||
|---|---|---|
| Administrativt senter: Khanty-Mansijsk | ||
| Belojarskij · Jugorsk · Kogalym · Langepas · Ljantor · Megion · Neftejugansk · Nizjnevartovsk · Njagan · Pokatsji · Pyt-Jakh · Raduzjnyj · Sovetskij · Surgut · Uraj | ||