Neglinnaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Neglinnaja
Munningen av Neglinnaja i Moskvaelva
Munningen av Neglinnaja i Moskvaelva
Munning Moskvaelva
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 7,5 km

Neglinnaja (russisk Неглинная) er ei 7,5 km lang undergrunnselv i sentrum av Moskva, og ei av sideelvane til Moskvaelva. Ho renn i tunnelar under Samotetsjnajagata, Tsvetnoj aveny, Neglinnajagata og Aleksanderhagen og Zarjadje. Neglinnaja munnar ut i Moskvaelva i to fråskildre tunnelar nær Bolsjhoj Kamennyj-brua og Bolsjhoj Moskvoretskij-brua.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Neglinnaja rann som ei naturleg elv gjennom dei nordlege delane av Moskva og sørover gjennom sentrum av byen. Kreml vart bygd på ein ås vest for Neglinnaja og nytta elva som ein del av vollgrava. Vollgrava stoppa ikkje fiendane sine invasjonar, men sakka ned utviklinga av områda vest for Kreml, og byen vokste derfor først austover mot Den raude plassen og Kitaj-gorod. Då moskovittane slo seg ned på vestsida var områda rundt Neglinnaja framleis ledige sidan ho ofte flauma over.

Moskovittane beygde fleire dammar og oppretta ei rekkje på seks samanhengande vatn som vart nytta til brannsløkking, vassmøller, smelteverk, verkstader og offentlege bad. Det var fire bruer som kryssa Neglinnaja, Voskresenskij-brua (delar av ho vart grave fram i 1994), Kuznetskijbrua, Troitskijbrua og Petrovskijbrua (restane vart oppdaga under ombygginga av Malyj Teater).

Dei første planane om å bygge om Neglinnaja vart lagt fram i 1775 og utført i 1792. Ein ny kanal av murstein, ein sazjen (2,13 meter) brei, vart lagt parallelt til Neglinnaja og når kanalen stod ferdig vart Neglinnaja ført inn her. Arbeidarane fylte det gamle elveleiet med jord. Etter brannen i Moskva i 1812 vart kanalen så forureina at byen dekte til heile elva og den første Neglinnajatunnelen stod ferdig i 1817-1819. Dette skapte også dagens Neglinnajagata og Teaterplassen. Før kloakksystemet i Moskva vart sentralisert (1887) vart tunnellen nytta som kloakk og rann direkte ut i Moskvaelva.

Den første Neglinnajatunnelen vart erstatta (1910-1914) av ein tunnell med eit større røyr, men arbeidet vart avbrote på grunn av den første verdskrigen. Dette nye røyret, teikna av ingeniør Sjtsjekotov (Sjtsjekotovtunnelen), var av god standard for tida, men smale delar av det gamle røyrsystemet klarte ikkje å ta imot alt vatnet under flaumepisodar, og sentrale gater vart råka av flaum. , sist gong i 1965 og 1973.

I 1966 vart det bygd ein ny tunnell for Neglinnaja (1 km lang, 4 meter brei) under Zarjadje. I 1974-1989, etter flaumen i 1973, vart det bygd ein fire kilometer lang tunnel, som var 3,47 meter høg og 4,90 meter lang, frå Durovagata til Metropol Hotel (der tunnelen deler seg i to greiner). Den gamle tunnellen vart nytta som røyrleidning og kabelgate.

Dagens tjern på Manezjnajaplassen (1996) er ikkje Neglinnaja, men ei etterlikning. Den verkeleg elva renn for djupt.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Neglinnaja» frå en:neglinnaya river, den 30. oktober 2008.