Negro spirituals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spiritualen «Gospel Train» framført av United States Navy Band's Sea Chanters.
«Swing Low, Sweet Chariot» framført av Fisk Jubilee Singers på 1910-talet.

Negro spirituals eller berre spirituals er religiøse songar som er skapa og sungne av afroamerikanarar i USA i slavetida og seinare.

Tekstane i songane byggjer på bibelsoger, særleg frå lidingane til jødane skildra i Det gamle testamentet. Ein del tekstar kan forståast både som eit kristent håp om frelse og eit håp om å sleppe fri frå slaveri og undertrykking i dette livet. Melodiar og syngestil har ei rekkje afrikanske trekk med synkopert rytme, blåtonar og veksling mellom ein improviserande solist og ei korande gruppe som gjentek eit fast, rytmisk omkved.

Dei første negro spiritualane blei nedskrivne i 1860-åra. På midten av 1900-talet blei ein del av dei tekne i bruk som kampsongar av borgarrettsrørsla i USA. Seinare er musikktypen blitt brukt i mange ulike samanhenger, frå kyrkjebruk over heile verda, som i Norsk salmebok 2013, til idrettssongar, som «Swing Low, Sweet Chariot», som mellom anna er knytt til rugby.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]