Neil Peart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Neil Peart
NeilPeart.JPG
Peart spelar ein trommesolo på Xcel Energy Center den 22. mai 2008.
Verkeleg namn Neil Ellwood Peart
Fødd 12. september 1952 (62 år), Hamilton i Ontario, Canada
Instrument Trommer, perkusjon, røyrklokker
Sjanger Progressiv rock, hardrock, heavy metal, jazz
Aktive år 1969 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent, forfattar
Tilknytte artistar Rush, Buddy Rich Big Band
Plateselskap Mercury, Anthem, Atlantic

Neil Ellwood Peart (fødd 12. september 1952), OC, er ein kanadisk musikar og forfattar. Han er trommeslagar og tekstforfattar for rockebandet Rush. Peart har fått mange prisar for spelinga si og er kjend for den tekniske dugleiken og uthaldande stilen sin.[1]

Peart voks opp i Port Dalhousie, Ontario (i dag ein del av St. Catharines). Då han vart voksen dreiv han frå band til band i området med ønske om å spele trommer på fulltid. Etter ein mislukka periode i England for å konsentrere seg om musikken sin, reiste Peart heim, der han vart medlem av eit lokalt band i Toronto, Rush, sommaren 1974.

Tidleg i karrieren hans hadde stilen til Peart djupe røter i hardrock. Han var mest inspirert av trommeslagarar som Keith Moon og John Bonham, trommeslagarar som var fremst i det britiske hardrockmiljøet.[2] Etter kvart prøvde han å etterlikne jazz- og storbandmusikarane Gene Krupa ogBuddy Rich. I 1994 vart Peart ven og elev hos jazzinstruktøren Freddie Gruber.[3] Det var på denne tida Peart starta å endre stilen sin med å ta inn element av jazz og swing.

I tillegg til å vere musikar er Peart òg forfattar og har publisert fleire memoarar frå reisene sine. Peart er òg den fremste tekstforfattaren til Rush. I tekstane for Rush har han skrive om universelle tema og forskjellige tema som science fiction, fantasy og filosofi, samt verdslege, humanitære og liberale tema. Alle dei fem bøkene hans er reisebøker, men ein får òg innblikk i livet hans.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Peart har fått følgjande prisar hos lesarane av magasinet Modern Drummer:[4]

  • Hall of Fame: 1983
  • Best Rock Drummer*: 1980, 1981, 1982, 1983, 1984, 1985, 1986, 2006, 2008
  • Best Multi-Perkusjonist*: 1983, 1984, 1985, 1986
  • Best Percussion Instrumentalist: 1982
  • Most Promising New Drummer: 1980
  • Best All Around: 1986
  • 1986 Honor Roll: Rock Drummer, Multi-Percussion
  • Best Instructional Video: 2006, for Anatomy of A Drum Solo
  • Best Drum Recording of the 1980s, 2007, for "YYZ" from Exit...Stage Left

I lag med kollegaene i Rush, Lee og Lifeson, vart Peart offiser i Order of Canada i 1996.[5] Peart was inducted into the Canadian Songwriter Hall of Fame along with bandmates Lifeson and Lee.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Olson, Andrew C."Neil Peart Modern Drummer Awards" – andrewolson.com – Updated 10/1/06 – Accessed 12. september 2012
  2. Anatomy of a Drum Solo DVD, Neil Peart (2005); accompanying booklet. (Republished in Modern Drummer magazine, april 2006)
  3. «Neil Peart Biography». Arkivert frå originalen den October 25, 2009. http://www.webcitation.org/query?url=http://www.geocities.com/sunsetstrip/venue/9123/history.html&date=2009-10-25. Henta 12. september 2012. 
  4. Awards List Rush Awards list
  5. "RUSH highlights", MapleMusic – Accessed mai 23, 2007
  6. Rush to be among inductees to songwriters hall of fame, CTV, January 19, 2010, http://toronto.ctv.ca/servlet/an/local/CTVNews/20100119/rush_100119/20100119/?hub=TorontoNewHome, henta January 20, 2010 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Neil Peart