Nelson på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nelson
Whakatū
Horisonten til Nelson på New Zealand
Flagget til Nelson på New Zealand
Flagget til Nelson på New Zealand
Styresmakter
Land
Øy
New Zealand
Sørøya
Geografi
Flatevidd 444 km²
Innbyggjarar 45 500
Plassering
Plassering av  Nelson på New Zealand

Nelson er ein by som ligg nær sentrum av New Zealand. Han ligg ved breidda til Tasmanbukta, ved nordenden til Sørøya, og er administrasjonssenteret i regionen Nelson.

Nelson er eit sentrum for kunst og handverk, og byen hyser årleg populære tilstellingar som til dømes kunstfestivalen Nelson Arts Festival. Den årlege designkonkurransen, Wearable Art Awards, starta i nærleiken av Nelson, og eit museum, World of Wearable Art[1], som ligg nær Nelson Airport stiller ut designvinnarar.

Brightwater, nær Nelson er fødestaden til Lord Rutherford, den newzealandske fysikaren som fekk Nobelprisen i 1908, og som no har biletet sitt på den newzealandske $ 100 pengesetelen, den største setelen som er i sirkulasjon på New Zealand.

Nelson fekk namnet sitt til ære for admiral Horatio Nelson som slo både den franske og den spanske flåten i Slaget ved Trafalgar i 1805. Mange av vegane og dei offentlege områda kring byen er namngjevne etter personar og skip som har tilknyting til dette slaget, og Trafalgar Street er den største handlegata i byen. Innbyggjarane i Nelson vert kalla Nelsonians.

Maorinamnet til Nelson, Whakatū,[2] tyder «byggja», «føra opp» eller «etablera». Nelson er ein av dei få byane på New Zealand som har sitt eige flagg.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nelson sett frå lufta (om lag i sør-sørvestleg retning). Biletet viser den nære plasseringa i høve til Richmond mot toppen.

Regionane Nelson og Tasman, eller «Top of the South», vert administrerte som to sameinte styresmakter (unitary authorities) av Nelson City Council og det mykje større (i geografisk målestav) tilstøytande Tasman District Council, med hovudsete i Richmond, 15 km mot sørvest. Regionen ligg mellom Marlborough, ei anna sameint styresmakt (unitary authority), i aust, og West Coast Regional Council i vest.

Det har ei tid vore på tale å slå saman desse to regionane (Nelson og Tasman) for å oppnå økonomiske og administrative føremonar framfor å ha to skilde regionar[3][4][5], slik det til dømes er gjort ved danninga av Nelson Tasman Tourism, ein samordna organisasjon innan turisme[6].

Nelson har strender og ei hamn som ligg i ly. Innløpet til hamna er verna av ein naturleg, 13 km lang sand- og steinbanke, Boulder Bank, som er vorten transportert sørover frå Mackay Bluff av bølgjer og sjøstraum. Banken dannar ei perfekt naturleg hamn som lokka til seg dei første nybyggjarane, sjølv om opningen var trong. Forliset til Fifeshire på Arrow Rock (no kalla Fifeshire Rock til minne om denne ulukka) i 1842 gav eit klårt prov på vanskane med å segla inn i hamna[7]. I 1906 vart det laga ein opning i banken, slik at større skip kunne gå inn i hamna.

Bygginga av Rocks Road langs strandlinja gjennom dei mindre stabile landmassane Tahunanui slump[8] i 1929 auka verknadane av tidevatnet på strendene i Nelson city, Tahunanui, og vaska bort sediment. Dette førte til at den populære stranda og den tilstøytande parkeringsplassen vart erodert, det same skjedde òg med sanddynene. Det vart iverksett eit prosjekt for å erstatta sanden og redusera erosjonen, og så langt har dette vore vellukka, sandstranda har heva seg ein god del, og sanddynene held fram å veksa.

Nasjonalparkar[endre | endre wikiteksten]

Nelson er omgjeven av fjell på tre sider og med Tasmanbukta på den fjerde, og regionen er innfallsporten til Abel Tasman National Park, Kahurangi National Park, innsjøane Rotoiti og Rotoroa i Nelson Lakes National Park. Han er eit senter for både økoturisme og opplevingsturisme, og er godt kjent blant grotte-entusiastar på grunn av fleire eineståande grottesystem kring Takaka Hill og Mounts Owen og Arthur, som har dei største og djupaste utforska grottesystema på den sørlege halvkula.

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Mange menneske meiner at Nelson har det beste klimaet på New Zealand, ettersom byen regelmessig ligg på topp i den nasjonale statistikken over solskinnstimar, med eit årleg gjennomsnitt på meir enn 2400 timar[9].


Nuvola apps kweather.svg Klimatabell: Nelson på New Zealand Weather-rain-thunderstorm.svg
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 22,4°C
72°F
22,4 °C
72 °F
20,8 °C
69 °F
18,1 °C
65 °F
15,2 °C
59 °F
12,9 °C
55 °F
12,4 °C
54 °F
13,1 °C
56 °F
14,9 °C
59 °F
16,8 °C
62 °F
18,7 °C
66 °F
20,5 °C
69 °F
17,4°C
63°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 13,0°C
55°F
12,9 °C
55 °F
11,4 °C
53 °F
8,2 °C
47 °F
4,9 °C
41 °F
2,4 °C
36 °F
1,6 °C
35 °F
3,1 °C
38 °F
5,4°C
42 °F
7,9 °C
46 °F
9,8 °C
50 °F
11,8 °C
53 °F
7,8°C
46°F
Gjennomsnittleg total nedbør 72 mm
2,83 "
57 mm
2,24 "
78 mm
3,07 "
86 mm
3,39 "
77 mm
3,03  "
85 mm
3,35 "
86 mm
3,39  "
90 mm
3,54 "
73 mm
2,87 "
92 mm
3,62 "
82 mm
3,23 "
75 mm
2,95 "
970 mm
38,19 "
Kjelde: Weatherbase: Historical weather for Nelson, New Zealand

Geografisk sentrum på New Zealand[endre | endre wikiteksten]

Markøren ved «Centre of New Zealand».

Det vert påstått at det geografiske sentrum på New Zealand skal liggja i Nelson,[10] på ein bakketopp nær sentrum i byen. Dette påståtte «sentrum» var likevel berre eit høveleg startpunkt for den opphavlege trigonometriske oppmålinga av Sørøya. Det verkelege geografiske sentrum ligg på ein avgøymd flekk med tettvakse kratt i ein skog i Spooners Range nær Tapawera, 35 km sørvest for Nelson: 41°30′S 172°50′E.[11]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg busetjing[endre | endre wikiteksten]

Utdyn over Nelson frå «Centre of New Zealand"».

Busetjinga i Nelson tok til for om lag 1100 år sida av māoriar. Der er funn som viser at dei tidlegaste busetjingane på New Zealand var i Nelson-Marlborough-regionane. Dei tidlegaste kjende iwi i Nelson-distriktet er Ngāti Kuia, Ngāti Tumatakokiri, Ngāti Apa og Rangitane.

Krigstokt frå nordlege stammar i 1820-åra, leia av Te Rauparaha og hans stamme Ngāti Toa, desimerte og fortrengde snart den lokale populasjonen.

New Zealand Company[endre | endre wikiteksten]

Christ Church Cathedral på Church Hill, sentralt i Nelson.

New Zealand Company i London planla busetjing i Nelson. Kompaniet ville kjøpa billeg jord, om lag 800 km² frå māoriane, og tenkte å dela opp dette i 1 000 parsellar og selja desse (med god forteneste) til nybyggjarar. Framtidig overskot vart øyremerka til å finansiera fri reise for handverkarar, arbeidarar og familiane deira, og til offentleg arbeid. Likevel var berre tredjeparten av parsellane selde i september 1841. Trass i dette, vart kolonien tvinga fram.

Tre skip segla frå London under kommando av kaptein Arthur Wakefield. Då dei nådde New Zealand, oppdaga dei at den nye guvernøren i kolonien, William Hobson, ikkje ville gi dei frie hender til å sikra seg store landområde frå māoriane, eller faktisk å bestemma kvar på området kolonien skulle liggja. Men etter ein del utsetjingar, tillet Hobson kompaniet å undersøkja området ved Tasmanbukta i nordenden av Sørøya. Kompaniet valde staden der byen Nelson City no ligg, fordi det hadde den beste hamna i området. Men der var ei stor ulempe; staden mangla høveleg dyrkbar jord. Nelson City ligg heilt i kanten av ei fjellrekkje, medan dei nærliggjande slettene Waimea Plains utgjer berre 243 km², mindre enn ein tredjedel av det området planane til kompaniet kravde.

Kompaniet sikra seg eit temmeleg ubestemt og vagt avgrensa område frå māoriane for £800. Dette omfatta Nelson, Waimea, Motueka, Riwaka og Whakapuaka. På denne måten kom busetjinga i gang, men mangelen på definerte grenser skulle visa seg å verta kjelde til mykje framtidige konfliktar. Dei tre koloniskipa segla inn i hamna til Nelson den første veka av november 1841. Då dei fire første skipa med innvandrarar nådde fram tre månadar seinare, fann dei at byen alt var målt opp med gater, nokre trehus, telt og primitive skur. Desse skipa var Fifeshire, Mary-Ann, Lord Auckland og Lloyds. I løpet av 18 månadar sende kompaniet hit 18 skip med 1052 menn, 872 kvinner og 1384 born. Men færre enn 90 av nybyggjarane hadde tilstrekkeleg kapital til å få ein start som landeigarar.

Det er å merkja seg at dei tidlege innvandrarane til Nelson Province òg omfatta ein del tyske immigrantar som kom med skipet Sankt Pauli, og dei danna kjernen i landsbyane i Sarau (Upper Moutere) og Neudorf. Dei var for det meste lutherske protestantar med ein liten del katolikkar frå Bayern.

Etter at busetjinga i førstninga hadde ein kort velstandsperiode, førte mangelen på kapital og landområde til ein lengre periode med relativ depresjon. Den organiserte innvandringa gjekk attende inntil 1850-åra, og arbeidarane måtte gå med på å få lønene sine avkorta med ein tredjedel. Mot slutten av 1843 byrja handverkarar og arbeidarar å forlata Nelson, og kring 1846 hadde om lag 25 prosent av immigrantane flytta bort.

Presset etter å finna meir dyrkbart land vart intenst. Søraust for Nelson låg dei vide og grøderike slettene i Wairau Valley. The New Zealand Company prøvde å påstå at det hadde kjøpt dette landområdet. Māorieigarane heldt fast på at Wairau Valley ikkje hadde vore ein del av det opphavlege salet av land, og gjorde det klårt at dei ville setja seg mot alle freistnader frå nybyggjarane på å okkupera landet. Nybyggjarane i Nelson under leiing av Arthur Wakefield og Henry Thompson freista å gjera akkurat dette. Det førte til stridane som har vorte kalla Wairau Affray, der 22 nybyggjarar døydde. Den påfølgjande granskinga ved regjeringa frikjende māoriane, og kom fram til at nybyggjarane i Nelson ikkje hadde noko legitimt krav på noko landområde utanfor Tasman Bay.

Provinsen Nelson[endre | endre wikiteksten]

Frå 1853 til 1876, då provinsstyret vart avskaffa, var Nelson hovudstaden i Provinsen Nelson. Den årlege festdagen for provinsen Nelson er 1. februar, som er ein offentleg fridag og som vert feira den næraste måndagen[12].

Populasjon[endre | endre wikiteksten]

Kartet viser folketettleiken i regionane Nelson og Tasman ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

Det totale folketalet i Nelson auka frå 41 568 i 2001 til 42 891 i 2006, medan Tasman auka frå 41 352 til 44 625, og gjekk forbi Nelson i folketal for første gong.[13]

Oppgåver frå Statistics New Zealand 23. april 2007 viste at 3 774 menneske fødde i Storbritannia og Irland var busette i Nelson, og utgjorde 9,1% av populasjonen her [1] - den høgaste delen av innbyggjarar frå Storbritannia og Irland på New Zealand - i tillegg til 9,5% andre fødde oversjøisk. Sjølv om Statistics New Zealand ikkje lenger fører statistikk over talet på innbyggjarar som er fødde i Tyskland, har den tyske ambassaden i Wellington stadfesta at ein større del tysktalande bur i Nelson og Tasmanbuktområdet enn nokon annan stad på New Zealand. Det var ein auke i talet på 23,7% av asiatar i Nelson, og 35,4% oppgang i Tasman-distriktet.

Nelson Airport[endre | endre wikiteksten]

Nelson Airport (IATA NSN, ICAO NZNS) er ein flyplass i Nelson. Om lag ein million flypassasjerar brukar flyplassen årleg. I 2006 fekk flyplassen avgrensa internasjonal sertifisering, og har teke seg av internasjonale private jetflygingar seinare.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Den første rugbykampen på New Zealand fann stad på Botanic Reserve i Nelson den 14. mai 1870, mellom Nelson Football Club og Nelson College, og ei informasjonstavle til minne om dette vart sett opp her av Nelson City Council i 2006.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Til skilnad frå mange andre byar og busetnadar på New Zealand har Nelson teke vare på fleire bygningar i viktoriansk stil i sitt historiske sentrum, og ei heil gate har vorte utpeika som historisk arv[14].

Attverande historiske bygningar[endre | endre wikiteksten]

Museum[endre | endre wikiteksten]

Regionen Nelson har fleire museum.

Parkar og zoologisk hage[endre | endre wikiteksten]

Nelson har ei rekkje ulike offentlege parkar og friområde som vert drivne og vedlikehaldne for offentlege midlar av Nelson City Council[15].

Natureland Zoological Park er ein liten zoologisk hage nær Tahunanui Beach. Staden er populær blant born som kan koma nær innpå wallabyar, apar, surikatar, lamaer og alpakkaer, Kune Kune pigs, oterar og påfuglar. Her finst òg skjelpadder og tropefisk, og ein kan ta ein tur gjennom eit aviarium.[16]. I 2008 var hagen nær på å stengja, men vart teken over av Orana Wildlife Trust som driv han vidare.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nelson på New Zealand

Referansar[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 41°17′S 173°17′E