Nemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nemi er ein norsk teikneserie som handlar om den metal-aktige kvinna Nemi. Serien er skriven og teikna av Lise Myhre, som signerer med berre fornamnet, Lise. Han heitte opphavleg Den svarte siden og blei først utgjeven i Larsons gale verden i 1997. Serien skifta etter kvart namn til Nemi, etter hovudpersonen i serien, og debuterte som fast stripeserie i Dagbladet 23. mars 1999.

Nemiteikneserien blir gjeven ut ikkje berre i Noreg, men også i utlandet, mellom anna England i gratisavisa Metro, og Finland.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga var Nemi ein dyster serie om metal-miljøet, men han har vorte litt lysare etter kvart, sjølv om han framleis kan ta opp alvorlege emne.

Serien handlar om Nemi som har bleik hud, langt svart hår og svarte klede, og liker metal-musikk, Ringenes herre og diktarar som André Bjerke. Ho har eit sterkt hat til pelsbrukarar og folk ho oppfattar som dumme, til dømes blondiner eller folk som har ein svært ulik musikksmak frå henne. Noko av det ho likar best er tequila, sjokolade og å spela x-boks. Ho er ofte på pub der ho treffer mange ulike typar.

I serien er det ikkje med så mange figurar, men det er ofte besøk av folk som berre er med i ei stripe eller to.

Cyan er namnet på Nemi si beste venninne, ei blåhåra jente med namn frå gifta cyanid. Cyan er nokså ulik Nemi på mange måtar. Til å byrja med i teikneserien prøvde Cyan å få Nemi til psykolog, noko som enda med ein psykolog som slukte smertestillande tablettar for å gløyme det fæle besøket. Cyan har seinare blitt meir vant med at Nemi aldri kjem til å finne seg ein fast jobb og slutte å gå på pub til uvanlege tider på døgnet.

Tim var saman med Cyan ei ri, men det gav seg etter kvart fordi han hadde seg med ei anna dame. Tim har pønkefrisyre og er no saman med ei stygg blondine.

I serien har Myhre mellom anna illustrert dikt av Edgar Allan Poe og André Bjerke med figurane sine.

Serieskaparen[endre | endre wikiteksten]

Lise Myhre har ein del likskapar med hovudfiguren sin. Ho kler seg òg gjerne i svart og er glad i metal-musikk. Myhre byrja å arbeida i bladet Larsons gale verden etter vidaregående, der fekk ho ei side der ho kunne teikne stort sett kva ho ville. Denne sida vert kalla «Den Svarte Siden», som først var i svart-kvitt. Den første figuren som kunne likne på Nemi kom i 1997.

Bladet Nemi[endre | endre wikiteksten]

Nemi har i dag eit eige blad der det også blir trykt striper som Rex Rudi, Lenore og Reservatet.