Sneppål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nemichthys scolopaceus)
Sneppål
Sneppål
Sneppål
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Overorden: Elopomorpha
Orden: Ålefisk Anguilliformes
Familie: Sneppålfamilien Nemichthyidae
Slekt: Nemichthys
Art: Sneppål N. scolopaceus
Vitskapleg namn
Nemichthys scolopaceus

Sneppål er ein lang og tynn ålefisk som lever pelagisk i Atlanterhavet. Namnet sitt har han fått frå kjevane, som i følgje han som først beskreiv han liknar nebbet hjå snipefuglane. Han er det einaste medlemen i sneppålfamilien som er påvist i Noreg, men er ikkje vanleg i våre farvatn.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Sneppålen veg sjeldan meir enn nokre få gram, men kan likevel bli opptil halvannan meter lang. Dette kjem av at han er frykteleg tynn og langstrakt.

Halen til sneppålen er piskeforma og manglar ein tydeleg halefinne. Både rygg- og gattfinnane er lange med mange finnestrålar, elles har han ikkje mykje til finnar bortsett frå eit sett tynne brystfinnar midt på sida av kroppen. Kjevane er særs lange og tynne, og kan likna fuglenebb eller pinsettar. Overkjeven er lenger enn underkjeven. Begge er fylt med eit stort tal små børsteliknande tenner som vender bakover mot munnen. Berre den inste delen av kjevane kan lukkast heilt.

Sneppålen er mørkt brun eller grå på farge, og som regel mørkare på undersida. Gattfinnen og spissane på dei korte brystfinnane er nesten svarte.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Sneppålen lever pelagisk på djupner frå 200 til 2000 m, vanlegvis frå 400 til 1000. Her heng han loddrett i vatnet med hovudet ned, og feiar nebbet gjennom vatnet. Kosthaldet består for det meste av reker han fangar etter antennene.

Gytinga skjer i dei frie vassmassane. Sneppålen har ytre befruktning, og egga flyt pelagisk medan dei utviklar seg til leptokefal-larvane, som er karakteristiske for ålefiskane. Under utviklinga til vaksen fisk vert larvane hovudsakleg tynnare. Først når dei er om lag 30 cm lange liknar dei på dei vaksne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]