Nemrut Dağı

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om fjellet og verdsarvstaden. For vulkanen, sjå Vulkanen Nemrut.
Nemrut
Nemrut Dağı
fjell og verdsarvstad
Land  Tyrkia
Provins provinsen Adıyaman
Høgd 2 134 moh.
Koordinatar 37°58′54″N 38°44′28″E / 37.9816°N 38.7411°E / 37.9816; 38.7411
Verdsarvstad
Namn Nemrut Dağ
År 1987 (#11)
Nummer 448
Region Mellom-Amerika og Karibia
Kriterium i, iii, iv
Kart
Nemrut Dağı
37°58′51″N 38°44′27″E / 37.980738888889°N 38.740830555556°E / 37.980738888889; 38.740830555556
Wikimedia Commons: Mount Nemrut

Nemrut (tyrkisk: Nemrut Dağı; armensk: Նեմրութ լեռ) er eit 2 134 meter høgt fjell i provinsen Adiyaman i det søraustlege Tyrkia. Det er plassert på verdsarvlista til UNESCO. Det er kjent for at det ved toppen finst fleire statuar frå antikken som vart oppført av kong Antiochos av Kommagene på 100-talet f.Kr. rundt det som ein trur er ei kongeleg grav. Nemrut er òg namnet på eit anna fjell i Tyrkia, sjå Nemrut i Bitlis.

Statuer av gudar og kongar, og pyramideliknande gravheilagdomar for kong Antiochos som strekkjer seg opp bak, reist ved toppen av fjellet Nemrut.

Lokalisering og skildring[endre | endre wikiteksten]

Fjellet ligg 40 km nord for Kahta i nærleiken av byen Adıyaman. I 62 f.Kr. bygde kong Antiochos I av Kommagene på fjelltoppen ein gravheilagdom flankert av fleire store statuar som er kring 8 til 9 meter høge.[1] Dei representerer han sjølv, to løver, to ørnar og ulike greske, armenske og persiske gudar, som Herakles-Vahagn, Zevs-Aramazd eller Oromasdes (assosiert med den iranske guden Ahura Mazda, Tyche og Apollon-Mithras. Desse statuane var ein gong ført med namna til kvart gud innskrive på dei. Hovuda til statuane har ved eit tidsrom blitt fjernet frå resten og ligg no spreidd utover området.[2]

Mønsteret i øydelegginga av hovuda, særleg nasene, tyder at dei vart medvite øydelagd, truleg på grunn av overtyding om ikonoklasme. Statuane har ikkje blitt restaurert til dei opphavlege posisjonane deira. Staden har òg steinplater med figurer i relieff på seg som ein trur ein gong utgjorde ein store frise. Desse steinplatene viser forfedrane til Antiochos som omfattar både grekarar og persarar.

Dei same statuane og forfedrane funne på staden kan òg bli funnen i gravhaugen på staden som 49 meter høg og 152 meter høg i diameter. Statuane synes å ha ansiktstrekk i gresk stil, men persiske klede og hårfrisyrar.

Det vestlege området har ei store steinplate med ei løve som viser eit arrangement med stjerner og planetane Jupiter, Merkur og Mars for 7. juli 62 f.Kr. Det kan vere ein indikasjon på når konstruksjonen for dette monumentet vart starta. Den austlege delen er godt bevart og består av fleire lag med fjell og ein stig som følgjer sokkelen til fjellet, beviseleg ein gangveg med mur som knytte dei austlege og vestlege terrassane saman. Mogleg bruk av denne staden er trudd å ha vore for religiøse seremoniar grunna det astronomiske og religiøse vesenet til monumentet.

Arrangementet av slike statuer er kjent ved omgrepet hierothesion. Tilsvarande opplegg har blitt funne i Arsameia ved Nymphaios ved hierothesion for far til Antiochos, Mithridates I av Kommagene.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hovudet til Mithras.

Då det hellenistiske Selevkideriket vart sigra over av romarane i 189 f.Kr. i slaget ved Magnesia byrja riket deira å falle frå kvarandre og nye kongedøme etablerte seg av lokale høvdingar. Kommagene var eit av dei lokale rika som oppstod i det tidlegare Selevkideriket, og utgjorde eit kongedøme mellom Taurusfjella og elva Eufrat. Innanfor dette området var det eit mangfald av kulturar som etterlet herskarane sine frå 62 til 38 f.Kr., Antiochos, til å gjennomføre eit særskilt dynastisk-religiøst program som omfatta ikkje berre greske og persiske guddommar, men òg Antiochos og hans familie. Dette religiøse programmet var kanskje eit forsøk på å samle det multietniske kongedøme sitt i og sikre slekta si kongeleg autoritet.[3]

Antiochos støtta kulten som fremma lykke og frelse.[4] Mange av monumenta på fjellet Nemrud er ruinar av den kongelege kulten til Kommagene. Det viktigaste området for kulten var grava til Antiochus som var dekorert av enorme statuer av kalkstein. Sjølv kom kongekulten ikkje varte lenge etter Antiochus, fekk fleire av etterkomarane hans bygd sine eigne graver på Nemrud.[5] Rundt halve året er fjelltoppen dekt av snø, noko som òg har bidratt til statuane og monumentet sitt forfall.[3]

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

Staden vart graven ut i 1881 av Karl Sester, ein tysk ingeniør som eigentleg bygde transportruter for Det osmanske riket. Didan har tyrkisk, amerikanske og tyske arkeologar gjort meir fagleg korrekte utgravingar, særleg ved Friedrich Karl Dörner og den amerikanske American Schools of Oriental Research, leia av Theresa Goell i 1953. Påfølgjande utgravingar har ikkje avslørt grava til Antiochus. Det er uansett trudd at han vart gravlagd her. Statuane, som alle er vorte halshogd, har ikkje blitt restaurert slik dei ein gong var.

I 1987 vart heilagdomen erklært som kulturarv i verdsarvlista til UNESCO. Regionen vart erklært ein nasjonal park i 1988.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Chahin, Mark (2001): The Kingdom of Armenia, Routledge, ISBN 0-7007-1452-9, s. 190-191
  2. Downey, Susan B.; Sanders, Donald B. (1997): «Nemrud Dagi: the Hierothesion of Antiochus I of Commagene» i: Bulletin of the American Schools of Oriental Research (307): 94–95. DOI:10.2307/1357708. JSTOR 1357708.
  3. 3,0 3,1 Siliotti, Alberto (2006): Hidden Treasures of Antiquity, Vercelli: VMB, ISBN 88-540-0497-9. s. 217
  4. Siliotti (2006), s. 218
  5. Siliotti (2006), s. 220

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]