Nenagh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nenagh
Nenagh Castle
Nenagh Castle
Plassering
Nenagh is located in
Styresmakter
Land
Provins
Grevskap
Irland Irland
Munster
County Tipperary
Geografi
Flatevidd
 - By

km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)

7 415
Koordinatar 52°51′59″N 8°11′54″WKoordinatar: 52°51′59″N 8°11′54″W
Høgd over havet 72 m
Diverse annan informasjon
Heimeside: www.nenaghtc.ie


Nenagh (irsk An tAonach) er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret og største by i North Tipperary i County Tipperary og ligg sentralt på Irland. Byen har litt over 7 000 innbyggjarar og ligg ved elva Nenagh, som munnar ut i Lough Derg ved Dromineer, 9 km mot nordvest.

Fjella Silvermines ligg sør for byen og den høgaste toppen her er Keeper Hill med ei høgd på 694 moh. Silvermines har hatt sølvgruver og utgraving av andre grunnmetall i over sjuhundre år. Nenagh var opphavleg ein kjøpstad og det irske namnet An tAonach tyder «Ormondemarknaden». Nenagh er i dag eit travelt handelssenter.

Av dei største attraksjonane i byen finn ein Neagh Castle, som vart bygd av Fitzwalter-familien på 1200-talet, og er eit av dei flottaste av sitt slag i Irland. Andre attraksjonar er fransiskanarklosteret, som vart bygd i 1212 under regjeringstida til Henrik III og som var eit av dei rikaste religiøse husa på Irland. Det var i bruk i seks hundre år.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]