Den neotropiske regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Neotropisk)
Kart over den neotropiske regionen.

Den neotropiske regionen eller neotropis er ein av dei åtte regionane kloten vert delt opp i innanfor biogeografien. Han omfattar Sør- og Mellom-Amerika, dei karibiske øyene og sørspissen av Florida, og er den regionen som har dei største områda med tropisk regnskog. I tillegg har området store areal med fjell og stepper.

Mellom plantane som opphavleg kjem herfrå kan me nemna poteten og tomaten. Den endemiske faunaen inkluderer gomlarar (maurslukarar, beltedyr og dovendyr), vestaper, marsvinliknande gnagarar og pungrotter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Den neotropiske regionen