Nepals kommunistiske parti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nepals kommunistiske parti (nep.Nepal Kamyunishta Parti (NKP), en. Communist Party of Nepal) vart offisielt grunnlagt 15. september 1949 i Calcutta i India. Partiet vart danna for å kjempa mot det autokratiske Rana-regimet, føydalismen og imperialismen.

Partiet gjekk i oppløysing på 60-talet, etter at leiaren Keshar Jung Rayamajhi vart ekskludert. Tilhengjarane hans gjekk ut og danna eit nytt prosovjetisk kommunistparti som seinare har vorte kjent som Nepals kommunistiske parti (Rayamajhi). Eit stort fleirtal vart att i NKP, men fleire splittingar følgde, og etter kvart var det berre att ein liten kjerne rundt leiaren Tulsi Lal Amatya. Siste resten gjekk inn i det store parlamentariske partiet UML på midten av 90-talet.

Splittingar og avleggjarar frå NKP[endre | endre wikiteksten]