Månane til Neptun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Neptunmånane)
Gå til: navigering, søk
Neptun (øvst) og Triton (nedst) tre dagar etter Voyager 2-passeringa.

Neptunmånane er dei tretten kjende naturlege satellittane til Neptun. Den desidert største er Triton, oppdaga av William Lassell fire dagar etter oppdaginga av Neptun. Triton er den einaste av neptunmånane som er massiv nok til å ha oppnådd hydrostatisk likevekt. Det tok omtrent eitt hundre år før måne nummer to, Nereid, blei oppdaga.

Uvanlege banar[endre | endre wikiteksten]

Triton går i bane rundt Neptun i ein sirkulær men retrograd bane.

To naturlege satellittar oppdaga i 2002 og 2003, Psamanthe og Neso, har dei største banane til nokon naturleg satellitt oppdaga i solsystemet så langt. Dei bruker 25 år på eitt omløp rundt Neptun og har ein snittavstand til Neptun på 125 gongar avstanden mellom Jorda og månen.

Danningsteoriar[endre | endre wikiteksten]

Sannsynlegvis er dei indre satellittane til Neptun ikkje dei opphavlege lekamane som blei danna ilag med Neptun, men akrerte lausmassar ifrå kaoset som oppstod etter at Triton blei fanga inn av Neptuns gravitasjon. Banen til Triton like etter innfanging ville ha vore særs eksentrisk og ha forårsaka kaotiske tilstandar for dei opphavlege indre neptunmånane, slik at dei kolliderte og blei redusert til ei skive av lausmassar. Då banen til Triton blei sirkulær kunne skiva samla seg til dagens satellittar. [1]

Mekanismen til Triton-innfanginga har vore emnet for fleire teoriar. Dei mest nylege føreslår at Triton blei innfanga i eit scenario med tre lekamar. I dette scenarioet er Triton den overlevande medlemen av eit binærobjekt1 som blei skilde ifrå kvarandre under passeringa av Neptun. [2]

Simulasjonar viser at det er stort sannsyn for at ein måne oppdaga i 2002, Halimede, kjem til å kollidera med Nereid under levetida til systemet. [3] Sidan begge månar ser ut til å har dei same grå fargane er kanskje satellitten eit fragment av Nereid. [4]

1Binære objekt er svært vanleg blant transneptunske-objekt. Meir enn 10 % av alle TNOar er binære, og Pluto og Charon dei mest kjende av desse. Ikkje like mange hovubelteasteroidar er binære (t.d. 243 Ida og Dactyl).


Tabell over månane[endre | endre wikiteksten]

Neptunmånane er lista opp etter omløpstid, ifrå kortast til lengst. Triton er massiv noko til kollapsa til ein sfæroide står på blå bakgrunn. Triton har omtrent same størrelse som Jordas måne. Irregulære (dvs. innfanga; Triton er sannsynlegvis òg innfanga) månar står på grått; prograd på lysegrått og retrograd på mørkegrått.

Rangering Namn (runde (sfæriske) månar i feit skrift)
Bilete Diameter (km) Masse
(×1016 kg)
Store halvakse(km) Omløpstid (d) Banehelling (°) i forhold til Neptun sitt ekvator Oppdaga
1 Neptun III Naiad 67 (96×60×52) ~19 48,227 0,294 4,7° 1989
2 Neptun IV Thalassa 83 (108×100×52) ~35 50,075 0,311 0,2° 1989
3 Neptun V Despina
Despina.jpg
152 (180×150×130) ~210 52,526 0,335 0,1° 1989
4 Neptun VI Galatea 175 (204×184×144) 212 61,953 0,429 0,1° 1989
5 Neptun VII Larissa
Larissa 1.jpg
195 (216×204×164) ~420 73,548 0,555 0,2° 1981
6 Neptun VIII Proteus
Proteus Voyager 2 (big).jpg
418 (436 × 416 × 402) ~4,400 117,647 1,122 0,6° 1989
7 Neptun I Triton
Triton moon mosaic Voyager 2 (large).jpg
2707 2,140,000 354,800 −5,877 156,8° 1846
8 Neptun II Nereid
Nereid-Voyager2.jpg
340 ~2,200 5,513,400 360,14 27,6° 1949
9 Neptun IX Halimede 60 ~9 15,728,000 −1879,71 2002
10 Neptun XI Sao 38 ~9 22,422,000 2914,07 2002
11 Neptun XII Laomedeia 38 ~9 23,571,000 3167,85 2002
12 Neptun X Psamathe 28 ~1,5 46,695,000 −9115,91 2003
13 Neptun XIII Neso 60 ~9 48,387,000
(0,32 AE)
−9373,99 2002

Negative omløpstider indikerer eit retrograd omløp rundt Neptun (motsett av planetens rotasjon),


Irregulære månar[endre | endre wikiteksten]

Neptun sine irregulære satellittar

Diagrammet illustrerer banane til Neptun sine irregulære månar som så langt er oppdaga. Eksentrisiteten til banane er representerte ved dei gule linestykka (strekkjer seg ifrå perisenter til aposenter) og inklinasjonen (banehellinga) representert ved Y-aksen. Satellittane over X-aksen er prograde medan satellittane under er retrograde. X-aksen står oppført i gigameter (millionar kilometer) i tillegg til kor stor prosent av Neptuns si hill-sfære (området ein himmellekam sin gravitasjon rekk over; 116 mill. km. for Neptun)) avstanden utgjer.

På grunna av likskapane mellom banane til Neso og Psamanthe er det føreslege at dei begge har opphav i ein større måne som blei delt opp i bitar. [5] Triton, den største månen som følgjer ein retrograd men kvasisirkulær bane er og som òg forventa å vera ein innfanga måne, er ikkje vist. Nereid, som har ein prograd men veldig eksentrisk bane, trur ein blei splitta under innfanginga av Triton. [6]

Namna[endre | endre wikiteksten]

Nokre asteroidar har same namn som eit par av neptunmånane: 74 Galatea og 1162 Larissa.

Triton fekk ikkje eit namn før det tjuande hundreåret. Namnet Triton blei føreslege i 1880 av Camille Flammarion men blei ikkje teke i vanleg bruk før på 1930-talet. Vanlegvis refererte ein til Triton som ”satellitten til Neptun”, då den andre satellitten ikkje blei oppdaga før 1949.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. D. Banfield and N. Murray (1992) «A dynamical history of the inner Neptunian satellites» – Icarus, s. 390.
  2. C.B. Agnor & D.P. Hamilton «Neptune's capture of its moon Triton in a binary-planet gravitational encounter», Nature, 441 (2006), s. 192. (pdf)
  3. M.Holman, JJ Kavelaars, B.Gladman, T.Grav, W.Fraser, D.Milisavljevic, P.Nicholson, J.Burns, V.Carruba, J-M.Petit, P.Rousselot, O.Mousis, B.Marsden, R.Jacobson «Discovery of five irregular moons of Neptune», Nature, 430 (2004), s. 865-867. Introduksjon (pdf)
  4. T.Grav, M.Holman og W.Fraser, «Photometry of Irregular Satellites of Uranus and Neptune», The Astrophysical Journal, 613 (2004), s.L77–L80 (introduksjon)
  5. Scott S. Sheppard, David C. Jewitt, Jan Kleyna, «A Survey for "Normal" Irregular Satellites Around Neptune: Limits to Completeness» (introduksjon)
  6. Goldreich, P.; Murray, N.; Longaretti, P. Y.; Banfield, D. «Neptune's story», Science, 245, (1989), s. 500-504.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Solsystemet
Sola Merkur Venus Månen Jorda Phobos og Deimos Mars Ceres Asteroidebeltet Jupiter Månane til Jupiter Saturn Månane til Saturn Uranus Månane til Uranus Månane til Neptun Neptun Månane til Pluto Pluto Kuiperbeltet Dysnomia Eris Den spreidde skiva OortskyaSolar System XXVII.png
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet