Nernsteffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nernsteffekt er ein termomagnetisk effekt oppdaga av Walther Nernst. Når det gjennom ein elektrisk leiar som er ført inn i eit magnetfelt, går ein varmestraum på tvers av retninga til magnetfeltet, oppstår ein elektromagnetisk spenning på tvers av magnetfeltet og av retninga til varmestraumen. Nernsteffekt kan nyttast for å omgjere termisk energi til elektrisk energi i såkalla termomagnetiske generatorar. Den omvende effekten, der ein elektrisk straum gjennom ein leiar i eit magnetfelt gjev varmetransport, blir kalla ettinghauseneffekt.

Effekten er kvantifisert av Nernstkoeffisienten |N|, som er definert som

|N|=\frac{E_Y/B_Z}{dT/dx}

der E_Y er y-komponenten til det elektriske feltet som kjem av magnetfeltet sin z-komponent B_Z og temperaturgradienten dT/dx.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]