Nerodimka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Nerodimkaelva.

Nerodimka (serbisk Неродимка Планина, Nerodimka planina, albansk Mali i Nerodimës) er eit fjell sør i Kosovo. Det har fått namn etter ei serbisk segn om ei kvinne som ikkje kan få barn (serbisk Неродимка, Nerodimka, som tyder «kvinne som ikkje kan få barn».[1][2] Fjellet har to toppar, Bukova Glava på 1721 moh og Kurkulica 1549 moh.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nerodimka ligg berre nokre få kilometer nord for Šarfjella. Mellom dei ligg Sirinićdalen. Nerodimka er opphavl til Nerodimka, ei sideelv til Lepenac. Mange andre småelva renn ned frå fjellet og ut i Lepenac.

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Av stader nær fjellet finn ein byane Uroševac (nordaust), Mušutište (vest), Grebno (aust) og Štrpce (sør), samt landsbyane Gornje Nerodimlje (nordaust), Jererc (nord), Bukosh (vest), Gaçkë (søraust) og Brezovica (sør)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nerodimka-soge, frå avisa Politika
  2. Soge om det serbiske kongelege slottet Nerodimlje
Spire Denne geografiartikkelen som har med Kosovo å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.