Nerodimkaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nerodimka (Неродимка)
elv
Land  Kosovo
Nedslagsfelt 229 km²
Lengd 41 km
Kjelde Fjellet Nerodimka i Kosovo
Munning Lepenac ved Kačanik
Kart
Nerodimkaelva
42°13′31″N 21°15′26″E / 42.22527778°N 21.25722222°E / 42.22527778; 21.25722222
Wikimedia Commons: Nerodimka (river)

Nerodimka (serbisk Неродимка) er ei elv i regionen Nerodimlje i Kosovo og ei 41 km lang sideelv til Lepenac frå venstre. Nerodimka er kjend for forgreiningane som oppstår i elva.

Nerodimka spring ut frå to småelvar, ei renn frå fjellet Nerodimka, og den andre frå fjellet Crnoljeva. Elva renn først nordover, mellom dei to fjella og inn i regionen Nerodimlje. Ho renn så over den sørlege delen av Kosovosletta. På 1400-talet, under regjeringstida til kong Milutin, vart det grave ein kanal til Sazlijavatnet og elva Nerodimka. Frå Sazilija renn elva Sitnica. Dette skapte ei spesiell forgreining, sidan Nerodimka langs den naturlege elveleia renn ut i Lepenac, som er ein del av nedslagsfeltet til Egearhavet, medan Sitnica er ei sideelv til Ibar som høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet. Etter den andre verdskrigen vart kanalen fylt att, sidan han ikkje vart vedlikehalde og det samle seg opp gjørme.

Nerodimka renn forbi byen Uroševac og munnar ut i Lepnac ved Kačanik. Nedslagsfeltet hennar er på 229 km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]