Nerosjøen

Koordinatar: 57°9′53″N 39°26′12″E / 57.16472°N 39.43667°E / 57.16472; 39.43667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nero
innsjø
Nær Rostov vinteren 2006
Land  Russland
Innsjøtype Eutrof
Tilsig Sara, Isjnja, Kutsjibosj, Mazikha, Varus, Tsjutsjerka, Unitsa, Sula
Utløp Veksa
Lengd 13 km
Breidd km
Areal 54,4 km²
Koordinatar 57°9′53″N 39°26′12″E / 57.16472°N 39.43667°E / 57.16472; 39.43667
Øyar 2 (Levskij, Rozjdestvenskij)
Byar Rostov
Kart
Nerosjøen
57°09′53″N 39°26′12″E / 57.164722222222°N 39.436666666667°E / 57.164722222222; 39.436666666667
Wikimedia Commons: Lake Nero

Nero (russisk Неро) er ein grunn og særs eutrof innsjø i Jaroslavl oblast i Russland. Han har eit areal på 54,4 km², er 13 km lang, 8 km brei og 3,6 meter djup. Botnen av innsjøen er dekt med eit tjukt lag saprobel (ei slags gjørme nytta som gjødsel og andre ting).

Innsjøen er estimert til å vere om lag fem hundretusen år gammal og han er dermed ein av få innsjøar frå før istida sentralt i Russland.

Rostov sett frå Nero.

Dei første innbyggjarne slo seg ned ved innsjøen for seks tusen år sidan. Merjafolket hadde hovudstaden sin i Sarskoje Gorodisjtsje på sørsida av innsjøen. Namnet Nero tyder «slamhaldig» eller «sumpland».

På 800-talet kom austslavarar til innsjøen. Dei kalla han «Den rostovske innsjøen» etter byen Rostov.

Det er to øyar i Nero, Levskij (som tyder «Skogøya») og Rozjdestvenskij (som tyder «Juleøya»). Sistnemnde vert òg kalla Gorodskoj («Byøya»). Det renn åtte elvar ut i Nero. Desse er Sara, Isjnja, Kutsjibosj, Mazikha, Varus, Tsjutsjerka, Unitsa og Sula. Berre elva Veksa renn vidare ut frå Nero.

Nær Nero ligg byen Rostov på vestsida av innsjøen, samt eit par landsbyar, som Poretsje-Rybnoje, Ugoditsji, Vorzja og Lvy.

Den første dampbåten på Nero var «Emeljan» og kom her i 1883.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]