Nesøya i Oslofjorden

Koordinatar: 59°52′06″N 10°31′24″E / 59.86833°N 10.52333°E / 59.86833; 10.52333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nesøya
Geografi
Stad Indre Oslofjord
Koordinatar 59°52′06″N 10°31′24″E / 59.86833°N 10.52333°E / 59.86833; 10.52333

Areal 3 km²

Høgaste punkt 40 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Akershus

Nesøya er ei øy i Oslofjorden, og ein del av Asker kommune. Ho er om lag 3 km² stor og er knytt til fastlandet på Slependen i Asker over sundet Grønsund via Nesøybrua. Frå Nesøya går det kabelferje over til naboøya Brønnøya.

Nesøya er på det næraste skild i to delar av Halsbukta, og heng her berre saman over ein smal rygg med namnet Halsen. Den nordre (nord-vestleg) delen, som ligg nærast fastlandet, er den minste. Store delar av den større og søre (sør-austlege) delen av øya er dekte av Nesøytjernet (òg kalla Nesøytjern på mange av karta), som er eit etter måten stort vatn med ei øy i. Både vatnet og omgjevnaden er freda som Nesøytjern naturreservat av di både Nesøytjernet og skogen ikring det har ein særs spesiell fauna som finst få andre stader. Isen på tjernet vart i tidlegare tider skåre opp til blokker vinterstid, lagra og og skipa ut til mange land på sommarstid for å nyttast til å kjøle ned matvarer.

Namnet Nesøya har øya truleg fått etter den tidlegare garden Nes på fastlandet, som truleg var mellom dei eldste gardane i distriktet. Garden, som seinare vart skilt i tre gardar, låg på høgdedraget mellom Neselva og sundet mellom fastlandet og Nesøya. Neselva og den gamle steinkvelvbrua over elva, Næs Bro, som har gjeve namn til staden Nesbru, har òg fått namn etter denne garden.

Nesøya hovudgard var i gamal tid sete for det vidtfemnande Nesøygodset.

Nesøya høyrde til Holmen skulekrins og Holmen folkeskole på Nesbru før Nesøya skole vart opna skuleåret 1965/66.

Nesøya idrettslag vart oppretta i januar 1958 og gjorde det etter kvart skarpt mot slutten 60-talet, spesielt innan friidrett. Dei hadde dyktige medlemmer som Henrik Abel, Christian-Fredrik Schønfeldt og Petter Bogsti. Frå på midten av 1970-talet vart øya mest kjend for at fleire av Noregs kjendisar og rikfolk budde der eller flytta dit. Øya er prega av store villaer, private strender og private brygger med luksuriøse fritidsbåtar.

Kjende folk frå Nesøya[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]