Nesøytjernet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nesøytjernet

Nesøytjernet er eit tjern, eller eit lite vatn som ligg 14 meter over havetNesøya i Asker kommune. Tjernet og dei neraste omgjevnadene er verna som Nesøytjern naturreservat på grunn av den rike og til dels sjeldsynte floraen og dyrelivet. Ein bekk ut frå den austre enden gjev tjernet avløp til Indre Oslofjord. I tjernet er det ei lita øy.

På Nesøytjernet vart det om vinteren i tidlegare tider drive med skjering av isblokker som vart lagra for utskiping om sumaren til fleire land i Europa. Før kjøleskap og andre kjøleinnretningar vart finne opp og teke i bruk, vart slike is nytta til å kjøle ned mat og drikke. Fleire stader i Asker kommune og andre distrikt kring Oslofjorden vart det i dei tidene skjere is på naturlege og tillaga vatn og dammar for å eksporterast til utlandet eller for å nyttast innanlands.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]