Nes i Sør-Trøndelag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nes er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Sør-Trøndelag, frå 1837 ein del av Ørland formannskapsdistrikt, sidan ein del av Bjugn då denne vart skilt ut som eigen kommune i 1853.

1. januar 1899 vart Nes frådelt som eigen kommune, og hadde då 1 258 innbyggjarar. (På same tidspunkt vart også Stjørna (Skjørn) frådelt Bjugn.)

1. januar 1964 vart Nes, Bjugn, Jøssund og Stjørna (Nord-Stjørna) samanslegne til den nye Bjugn kommune. Nes hadde då 1 107 innbyggjarar.