Nes i Vest-Agder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nes er ein tidlegare norsk kommune som nå er ein del av Flekkefjord kommune i Vest-Agder fylke.

Frå opprettinga av formannskapsdstrikta i 1837 utgjorde Nes saman med øya Hidra Nes og Hidra formannskapsdistrikt. Den 8. oktober 1893 blei dette området delt inn i to sjølvstendige einingar: Nes kommune og Hidra kommune. Ved opprettinga hadde Nes kommune 1704 innbyggjarar.

I 1942 blei ein del av Nes med 377 innbyggjarar del av Flekkefjord kommune. 1. januar 1965 blei resten av Nes kommune saman med Bakke (unntatt Øksendal), Gyland og Hidra kommunar slått saman med Flekkefjord kommune. Nes hadde då 2757 innbyggjarar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Nes for andre stader med namnet Nes