Neselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Neselva er namnet på den nedre strekninga av ei lita elv som renn gjennom Nesbru i Asker kommune. Ho har utspring i Vestmarka, og har òg andre namn på sin veg mot Holmenbukta i Indre Oslofjord, der ho renn ut i vika mellom halvøya Landøya og fastlandet elles ved Holmen.

Elva heiter Neselva frå ho renn ut av Åstaddammen oppstrøms for dei store fyllingane for dei to jarnbanelinene Drammensbanen og Askerbanen over eit dalsøkk elva gjekk fritt gjennom i si tid, men no i kulvert gjennom fyllingane. Derfrå fell elva ned mot den store sletta som strekkjer seg mellom høgdedraga på båe sider frå Slependrenna til Holmenbukta, og går i boge gjennom dette treerenget fram til Holmenbukta. Namnet Neselva har elva fått etter Nes-gardane som tidlegare låg på høgdedraget mellom elva og sundet mellom Nesøya og fastlandet. Ei steinkvelvbru frå sist på 1700-talet over denne elva for den gamle, og no oppstykka vegen mellom Oslo og Drammen (som i dag heiter Nesbruvegen på denne parsellen, tidlegare Gamle Drammensveg), har gjeve namnet til staden Nesbru. Brua ligg der enno og er framleis i bruk som gangveg og tuilkomst til eigedomar, men har kome i skuggen av ei ny betongbru for biltrafikken rett attmed og oppstraums for gamlebrua.

Ovanfor Åstaddammen heiter elva Stokkerelva etter garden Stokker i Asker kommune, og høgare opp i Vestmarka, over grensa til Bærum kommune, er namnet fyrst Svartebekken, deretter Delingsbekken. Åstaddammen, som har namnet etter Åstad gard, er restane etter eit kunstig tjern som eigaren av Åstad fekk laga om lag år 1900 ved å demma opp elva med ein demning av granitt. På dette viset vart det ein liten sjø i ein park han bygde i dalsøkket som elva renn i, slik at han kunne utstyre parken med både ein robåt og ei bru.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Akershus å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.