Nesta Carter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nesta Carter slår Tyson Gay i Brussel, 2010.
Foto: Erik van Leeuwen.

Nesta Carter (fødd 11. oktober 1985) er ein jamaicansk sprintar. Carter spesialiserer seg på 100 m og 4 x 100 m stafett.

Carter var med på det jamaicanske stafettlaget som tok sølvmedalje på 4 x 100 meter under VM i friidrett 2007 i Osaka. Under sommar-OL 2008 i Beijing sette stafettlaget med Carter, Michael Frater, Usain Bolt og Asafa Powell ny verdsrekord og olympisk rekord med 37,10.

Under VM i friidrett 2011 i Daegu var Carter med på å setja ny verdsrekord på 4 x 100 meter saman med Michael Frater, Yohan Blake og Usain Bolt. Rekorden kom på 37,04 og er framleis gjeldande verdsrekord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]