Nesterov

Koordinatar: 54°38′00″N 22°34′00″E / 54.63333°N 22.56667°E / 54.63333; 22.56667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nesterov
Нестеров
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Nesterov
Byvåpenet til Nesterov


Plassering
Nesterov is located in Russland
Nesterov is located in Kaliningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Først nemnd i
Bystatus
1539
1722
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

4 812
Koordinatar 54°38′00″N 22°34′00″E / 54.63333°N 22.56667°E / 54.63333; 22.56667
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 40144

Nesterov (russisk Не́стеров, tysk Stallupönen eller Ebenrode, litauisk Stalupėnai, polsk Stołupiany) er ein liten by i dagens Kaliningrad oblast i Russland med om lag 5000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stallupönen i 1906

I mellomalderen var dette området folkesett av det gammalprøysiske folket nadruvianarane. Områda deira vart erobra av Den tyske riddarordenen og innlemma i staten deira i Preussen med namnet Stallupönen etter elva (Stalupė i litauisk) i nærleiken. Deå Den tyske orden vart sekularisert i 1525, vart Stallupönen ein del av hertugdømet Preussen, seinare arva av huset Hohenzollern og vart ein del av markgreveskapet Brandenburg i 1618. Byen vart ein del av Kongeriket Preussen i 1701 og administrert som ein del av provinsen Aust-Preussen frå 1773. Under den prøyssisk-styrte tyske samlinga i 1871 vart Stallupönen ein del av Det tyske keisardømet.

I august 1914 vart byen og området rundt åstad for Slaget ved Stallupönen mellom Russland og Tyskland, noko som var med på å innleie kampane ved austfronten under første verdskrigen.

Byen har ein litauisk minoritet og Litauen ønsket derfor utan hell å få byen overført til landet etter første verdskrigen. I 1938 meinte dei tyske nazistiske styresmaktene at Stallupönen ikkje høyrdest tysk nok ut og endra namnet til Ebenrode.

Mot slutten av den andre verdskrigen vart byen okkupert av den raude armeen og området vart overført til Russiske SFSR i 1945 som ein del av Kaliningrad oblast.

Den tyske folkesetnaden i byen vart hovudsakleg evakuert vestover, eller forvist. Byen fekk namnet Nesterov etter Sergej Nesterov, ein sovjetisk krigshelt som vart drepen i nærleiken.

I dag er Nesterov administrasjonssenteret for Nesterovskij-disktriket og er eit kulturelt senter for den litauiske minoriteten i Russland. Han ligg rett ved den russisk/litauiske grensa på jernbanelinja som knyt Kaliningrad oblast med Moskva.

Kjende personar frå Stallupönen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]