Nestlé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nestlé


Nestlés hovedkontor i Vevey i Sveits Sjå dette på Wikidata
Org.formAksjeselskap
BransjeNæringsmiddelindustri
Skipa1866
EigarBlackRock[1]
HovudkontorVevey i Sveits
LandSveits[2]
ProduktNæringsmiddel
Grunnleggjar(ar)Henri Nestlé
Adm.dir.Ulf Schneider (2017)
Dagleg leiarUlf Schneider
Tilsette305 000
Salsinntekter12 326 000 000 sveitserfranc (2022)[3]
Omsetnad12 326 000 000 sveitserfranc (2022)[3]
Resultat9 270 000 000 sveitserfranc (2022)[3]
Marknadsverdi237 363 000 000 sveitserfranc (31. desember 2018)[4]
Nettstadwww.nestle.com

Nestlé, Société des Produits Nestlé S.A., er eit internasjonalt selskap og verdas største næringsmiddelselskap.[5] Selskapet blei grunnlagd i 1866 av Henri Nestlé. Hovudkontoret ligg i Vevey i Sveits.

Nestlé eig fleire varemerke for mellom anna kaffi, sjokolade, iskrem og godteri, barnemat og morsmjølkerstatning, frukostblandingar, mineralvatn og anna. Namnet Nestlé har ofte ein tilbaketrekt plass på varene, medan merkevarenamna som Nescafé, Perrier, Bona, Mövenpick eller After Eight er meir framtredande.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hovudkontoret til Nestlé.

Nestlé blei grunnlagd i 1866 av apotekaren Henri Nestlé (Heinrich Nestle)[6] som Farine Lactée Henri Nestlé lk.A. I 1867 byrja Henri Nestlé å tilverka mjølkepulver som blei seld som morsmjølkerstatning.[7] Familievåpenet til Nestlé av fuglar i eit reir blei teke i bruk som logo for selskapet. I 1874 blei selskapet aktivt i Tyskland. Same året forlét grunnleggjaren verskemda.[6]

Fusjonar og internasjonal ekspansjon[endre | endre wikiteksten]

Nestle byrja utanlandsk tilverking då selskapet opna ein fabrikk i Noreg i 1898. I 1905 fusjonerte selskapet med Anglo-Swiss Condensed Milk Company. I 1929 gjekk sjokoladeprodusentane Peter, Cailler, Kohler og Nestlé saman med Nestlé som namn. Frå 1938 hadde verksemda suksess med sin pulverkaffiNescafé.[6] I 1947 gjekk Nestlé saman med Maggi, i 1962 med svenska Findus og i 1971 med Ursina-Franck AG.

I 1986 lanserte selskapet Nespresso i Sveits.[6] I 1988 kjøpte det den britiske verksemda Rowntree's med varemerka Smarties, After Eight og Kit Kat. Same året kjøpte Nestlé også den italienske pastaverksemda Buitoni.[8] På 1990-talet blei mineralvatn eit nytt produkt etter kjøp av Perrier og Sanpellegrino.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]