Nestor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nestor

Status i verda: EN Sterkt truga

Kaka i Auckland ZooFoto: Flickr-brukar: Small
Kaka i Auckland Zoo
Foto: Flickr-brukar: Small

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Psittaciformes
Familie: Strigopidae
Slekt: Nestor
Vitskapleg namn
Nestor
lesson, 1830

Den biologiske slekta Nestor er ei av to slekter i familien Strigopidae, nyzealandske papegøyar. Slekta Nestor samlar to nolevande papegøyeartarNew Zealand, ein utdøydd artNorfolkøya[1] og ein mogleg tidlegare art på Chatham-øyane.[2] Alle artane er store tettvaksne fuglar med korte, rett avkorta halar. Eit karakteristisk trekk for slekta er tunga deira, med hårliknande frynsar på tuppen.[3] Den overfladiske likskapen denne tunga har med tunga til loriar har fått nokre taksonomar å vurdere dei to gruppene nært nærskyldte, men DNA-prov viser at det ikkje er tilfellet.[4][5]

Klassifikasjon[endre | endre wikiteksten]

Alle dei fire artane i slekta Nestor er trudd å stamme ned frå ein 'proto-Kākā' som levde i skogane på New Zealand for 5 millionar år sidan.[4][6] Den næraste slektningen er Kakapo (Strigops habroptila).[4][6][7][8] Saman utgjer dei Strigopidae, nyzealandske papegøyar,[1] som utgjer ei gamal gruppe som splitta ut frå alle andre papegøyar før den adaptive strålinga tok til.[4][6][8]

Artsoversyn[endre | endre wikiteksten]

Det er to overlevande artar og minst ein veldokumentert utdøydd art i slekta Nestor. Det finst lite kunnskap om den fjerde arten, kaka på Chatham-øyane, som kan ha vore konspesifikk med ein annan kakaart.

Nestor

  • Kea, Nestor notabilis
  • Kaka, Nestor meridionalis
    • North Island kaka, Nestor meridionalis septentrionalis
    • South Island kaka, Nestor meridionalis meridionalis
  • Norfolk kaka, Nestor productus (utdøydd)
  • (Chatham kaka, Nestor .... mogleg tidlegare art, utdøydd)[2]

Status[endre | endre wikiteksten]

Utbreiing av nolevande artar, så vel som tidlegare utbreiing av utdøydde øyartar

Det siste kjente individ av Norfolk Kaka døyde i fangenskap i London ein gong etter 1851,[9] og berre mellom sju[10] og 20[11] skinn er tatt vare på. Chatham kaka døydde ut i føreuropeiske tidsperiode, men etter polynesisk kolonisering av øya, mellom 1550 og 1700, og er berre kjent frå subfossile beinfunn. Fuglen kaka er lista med status sterkt truga - EN,[12][13] og kea er lista med status sårbar - VU.[14][15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012 
  2. 2,0 2,1 Storrs L. Olson (editor) Avian Paleontology at the Close of the 20th Century: Proceedings of the 4th International Meeting of the Society of Avian Paleontology and Evolution Washington, D.C, 4-7 June 1996
  3. Forshaw, Joseph M.; Cooper, William T. (1981) [1973, 1978]. Parrots of the World (corrected second ed.). David & Charles, Newton Abbot, London. ISBN 0-7153-7698-5. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Wright, T.F.; Schirtzinger E. E., Matsumoto T., Eberhard J. R., Graves G. R., Sanchez J. J., Capelli S., Muller H., Scharpegge J., Chambers G. K. & Fleischer R. C. (2012). «A Multilocus Molecular Phylogeny of the Parrots (Psittaciformes): Support for a Gondwanan Origin during the Cretaceous». Mol Biol Evol 25 (10): 2141–2156. doi:10.1093/molbev/msn160. PMC 2727385. PMID 18653733. 
  5. Tokita, M; Kiyoshi T and Armstrong KN (2007). «Evolution of craniofacial novelty in parrots through developmental modularity and heterochrony.». Evolution & Development 9 (6): 590–601. doi:10.1111/j.1525-142X.2007.00199.x. PMID 17976055. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Grant-Mackie, E.J.; J.A. Grant-Mackie, W.M. Boon & G.K. Chambers (2003). «Evolution of New Zealand Parrots». NZ Science Teacher 103. 
  7. Juniper, Tony; Mike Parr (1998). Parrots: A Guide to Parrots of the World. Yale University Press. ISBN 978-0-300-07453-6. 
  8. 8,0 8,1 de Kloet, R.S.; de Kloet, S.R. (2005). Utviklinga av spindlin-genet hos fuglar: sekvensanalyse av ein intron av spindlin W og Z-genet avslører fire store inndelingar av papegøyefuglar. Molecular Phylogenetics and Evolution 36: 706–721.
  9. Greenway, James Cowan (1967). Extinct and Vanishing Birds of the World (2nd ed.). New York: Dover Publications. 
  10. «Nestor productus - Norfolk Island Kaka specimen(s) in the ZMA». Nlbif.eti.uva.nl. http://nlbif.eti.uva.nl/zma3d/detail.php?id=226&sort=taxon&type=all. Henta 17. oktober 2012. 
  11. «Naturalis - Extinct bird: Nestor productus (Norfolk Island Kaka)». Nlbif.eti.uva.nl. http://nlbif.eti.uva.nl/naturalis/detail?lang=uk&id=51. Henta 17. oktober 2012. 
  12. BirdLife International (2012). Nestor meridionalis. IUCN 2012. IUCN Red List of Threatened Species. <www.iucnredlist.org>. Henta den 17. oktober 2012. Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status.
  13. «Kaka - BirdLife Species Factsheet». BirdLife International. 2012. http://www.birdlife.org/datazone/species/index.html?action=SpcHTMDetails.asp&sid=1412&m=0. 
  14. BirdLife International (2012). Nestor notabilis. IUCN 2012. IUCN Red List of Threatened Species. <www.iucnredlist.org>. Henta den 17. oktober 2012. Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status.
  15. «Kea - BirdLife Species Factsheet». BirdLife International. 2012. http://www.birdlife.org/datazone/species/index.html?action=SpcHTMDetails.asp&sid=1410&m=0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nestor