Nestor Bindebolt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nestor Bindebolt er ein figur i den litterære verda som av den britiske forfattaren J.K. Rowling har skapt om Harry Potter og skulegangen på Galtvort. Han er medlem av Føniksordenen og jobbar som svartspanar. Han er skildra som ein høg, skalla mann av afrikansk avstamming med gullringar og ein øyrering. Nestor Bindebolt vart fyrste gong introdusert i Harry Potter og Føniksordenen, og han jobba då som dobbeltagent for Føniksordenen innanfor Magidepartementet. Han var ansvarleg for leitinga etter Sirius Svaart, men sidan han visste at Svaart var uskuldig gav han Departementet falsk informasjon om at Svaart var i Tibet.

Bindebolt kjende Jakob Potter, men han var ikkje med i den originale Føniksordenen. Bindebolt var ein av dei som meldte seg frivillig til å hente Harry Potter frå familien Dumling og ta han med til Grimolds plass 12.

Bindebolt deltok i slaget i Mysteriedepartementet og prova der at han var ein dyktig duellant sidan han klarte å slåst mot to dødsetarar på ein gong. Likevel vart han såra av Bellatrix DeMons.

I Harry Potter og Halvblodsprinsen har Bindebolt kome seg igjen etter skadane han fekk i kampen i Mysteriedepartementet, og han jobbar nå undercover som ein sekretær på statsministeren sitt kontor, til vern for statsministeren.

I filmane vert han spelt av den britiske skodespelaren George Harris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]