Netanya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Netanya
by
Det sørlege Netanya frå nabolaget Poleg
Flagg
Våpenskjold
Namneopphav: Guds gåve
Land  Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°20′0″N 34°51′0″E / 32.33333°N 34.85000°E / 32.33333; 34.85000
Areal 28,455 km²
Folketal 192 200  (2012)
Folketettleik 6 755 / km²
Grunnlagd 18. februar 1929
Kart
Netanya
32°19′43″N 34°51′24″E / 32.328611111111°N 34.856666666667°E / 32.328611111111; 34.856666666667
Wikimedia Commons: Netanya

Netanya (hebraisk skrift נְתַנְיָה, tyder, «Guds gåve») er ein by i nord i Det sentrale distriktet i Israel, og er hovudstaden på den kringliggande Sharonsletta. Han ligg 30 km nord for Tel Aviv, og 56 km sør for Haifa, mellom elva Poleg og Wingate Institute i sør og elva Avichail i nord. Netanya fekk namn av Nathan Straus, ein markant jødisk-amerikansk kjøpmann og filantrop tidleg på 1900-talet.

Dei 14 km lange strendene har gjort byen til ein populær feriestad. I tillegg er byen kjend for dei mange immigrantane. Ein stor del av folkesetnaden i byen er emigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen, Frankrike og Etiopia, og byen har vorte heimstad til ein stor folkesetnad av emigrantar frå Storbritannia, USA og Canada.

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen mot slutten av 2009 eit folketal på 183 200.[1] I tillegg bur kring 150 000 menneske i lokale og regionale kommunar innafor 10 km av Netanya, som tener som regionssenter. Det er venta at folketalet i byen når 350 000 innan 2020.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gan Hamelech, 1940
Det gamle fikentreet i Netanya.

Ideen om å grunnleggje Netanya kom under eit møte i Bnei Binyamin-samskipnaden i Zikhron Ya'akov.[3] Dei valde ut denne staden som ligg nær det gamle Poleg og valde å gje han namn etter Nathan (hebraisk Natan) Straus (1848–1931),[4][5] som var medeigar i varehuset Macy’s,[6] New York City Parks Commissioner og president i New York City Board of Health,[7] som gav to tredjedelar av den personlege formuen sin til å hjelpe jødar og arabarar i Palestina.[5][7][8] I 1928 kjøpte medlemmar av Bnei Binyamin og Hanote, ein organisasjon som vart sett opp etter at Straus informerte om grunnlegginga av busetjinga, 1,42 kvadratkilometer av landområdet til Umm Khaled.[3] Det finst i dag ei stor usemje mellom palestinarar og israelarar om landområdet vart seld under Det britiske mandatet.

Den 14. desember 1928 byrja ei gruppe leia av Moshe Shaked å grave etter vatn på staden, og dei fann det i februar 1929. Den 18. februar 1929 flytta fem nybyggjarar til området, og pløydde og dyrka marka for første gongen. Landområdet vart delt mellom nybyggjarane i juni 1929 medan busetjinga langsamt tok form. Utviklinga vart sett attende under Palestinaopprøra i 1929 og ein massakre førte til at busetjinga vart fråflytta i eit par veker. I september var utviklinga attende på sporet og grunnsteinane til dei første ti husa vart lagt ved Sukkot.[3]

Netanya, tidleg i 1930-åra.

Netanya heldt fram å vekse dei neste åra. Den første barnehagen og butikken opna i 1930, og den første skulen i 1931, då staden hadde 100 innbyggjarar. I 1933 la den britiske arkitekten Cliff Holliday fram ein plan om å gjere Netanya til ein turistby. Han førebudde òg byprosjekt i Jaffa, Tiberias, Lydda og Ramla.[9] Den første byplanen for byen gjorde at han vart delt i tre delar med eit turistdistrikt langs kysten, bustader, gardar og handel i sentrum, og jordbruk og industri i aust. I 1933 vart òg Tel-Aviv Hotel, det første hotellet i byen, bygd, i tillegg til at nabolaga Ben Zion og Geva vart grunnlagd.[3]

Moshavaen, som han var då, heldt fram med å vekse i 1934, då det første skipet med ulovelege innvandrarar førte 350 personar til kysten av Netanya. Dette heldt fram til 1939, og meir enn 17 skip gjekk til lands nær byen, med hjelp frå innbyggjarane i Netanya. Jordbruket blømde og i 1935 opna Primazon den første fabrikken der, som produserte sylta frukt og grønsaker. Etter dette vart det første industriområdet oppretta, medan Shone Halahot-syngagoga vart bygd og Bialik skulen, den første skulen, vart innvigd.[3]

Busetnaden fortset å vekse og i 1937 vart det første handelssenteret bygd, i lag med nabolaget Ein HaTchelet og samband frå Netanya til hovudvegen mellom Tel Aviv og Haifa. I 1940 gav dei britiske mandatstyresmaktene Netanya status som lokal kommune med Oved Ben Ami som den første ordføraren.[3] I 1944 vart Neve Itamar grunnlagd nær Netanya, og vart seinare ein bydel, og den første vidaregåande skulen opna i 1945.[3]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Shaked promenade i Netanya.

I november 1947 vart ein buss som køyrte frå Netanya til Jerusalem angripen i Petah Tikva. I 1948, då dei britiske styrkane trekte seg attende frå Netanya og den arabisk-israelske krigen, vart det grunnlagd ein stor militærbase i byen. Då kampane roa seg, fekk Netanya bystatus den 3. desember 1948, den første staden som fekk bystatus i den nyoppretta staten Israel. På denne tida hadde byen 9000 innbyggjarar.[3]

Netanya vart angripen fleire gonger av palestinske bomber under den andre intifadaen, inkludert bombinga av marknaden i Netanya og same månaden påskefestmassakren der 29 menneske mista livet.[10] Slike åtaket vart omtalte som rettferdiggjering for bygginga av Israel si sperring på Vestbreidda.[11]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Nordkysten

Industrien i Netanya er hovudsakleg delt mellom fire industriparkar. Sør for byen ligg IKEA og mykje høgteknologisk industri.[2] Turisme spelar òg ei ganske stor rolle i økonomien til Netanya med kring 19 hotell. Den lange kysten og dei mange strendene har skapt ein ferieindustri med mange hotell, restaurantar og kjøpesenter.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Netanya ligg på Den israelske kystsletta, den historiske landbrua mellom Europa, Afrika og Asia. Byen er senter på Sharonsletta, eit geografisk område som strekkjer seg frå Middelhavet i vest til Samariaåsane i aust, og dagens Tel Aviv storbyområde i sør, nordover til Karmelberget.

Utanom nokre små moshavar og kibbutzar er området sør for Netanya relativt tomt for busetnader fram til Herzliya og starten på Gush Dan, Tel Aviv storbyområde. Nordover er det tomt for større busetnader før Hadera, og den første større staden i aust er TulkarmVestbreidda. Området aust for Netanya har større konsentrasjonar av kibbutzar og moshavar i Heferdalen regionale kommune og dei lokale kommunane Kfar Yona og Even Yehuda.

Netanya sjølv er delt inn i fleire bydelar, og har i nyare tid vokse sørover. Innafor grensene til Netanya ligg Poleg naturreservat og Irises Dora regnbasseng naturpark, med den største populasjonen av Iris atropurpurea i verda. Midt i parken ligg eit regnbasseng som vert fylt opp om vinteren og tørkar inn om sommaren.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Netanya er venskapsby med:[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2010. Henta oktober 30, 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Municipality of Netanya». Arkivert frå originalen 8. februar 2009. Henta 5. april 2008. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 «Historie». Arkivert frå originalen 14. juli 2019. Henta 6. april 2008. 
  4. Benton, William (1974). The New Encyclopaedia Britannica 7. Encyclopaedia Britannica (UK) Ltd. s. 270. ISBN 0-85229-290-2. 
  5. 5,0 5,1 Teller, Hanoch (1996). A Midrash and a Maaseh. NYC Publishing Co. s. 349. ISBN 1-881939-09-X. 
  6. «Nathan Straus». Encyclopaedia Britainnica Online. 2012. Henta 7. februar 2012. 
  7. 7,0 7,1 «Nathan Straus (1848–1931)». Jewish Virtual Library. 2012. Henta 7. februar 2012. 
  8. Wigoder, Geoffrey (1975). Everyman’s Judaica: An encyclopedic dictionary. W.H. Allen/Virgin Books. s. 574. ISBN 0-491-01604-2. 
  9. Yacobi Haim (2009). The Jewish-Arab city: spatio-politics in a mixed community. 
  10. Jodi Rudoren,Remaking a Life, After Years in an Israeli Prison», New York Times 29. mars 2014.
  11. Isabel Kershner, «Israeli Tactics Thwart Attacks, With Trade-Off», New York Times, 3. mai 2008.
  12. «Netanya – Twin Cities». Netanya Municipality. Arkivert frå originalen 1. februar 2013. Henta August 1, 2013. 
  13. «Dorset Twinning Association List». The Dorset Twinning Association. Arkivert frå originalen 21. juni 2012. Henta August 1, 2013. 
  14. «List of Twin Towns in Ruhr District» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 16. januar 2022. Henta 25. juni 2015. 
  15. «Gießen: Städtepartnerschaften» [Giessen: Twin towns] (på tysk). Stadt Gießen. Arkivert frå originalen 13. april 2013. Henta August 1, 2013. 
  16. «Villes jumelées avec la Ville de Nice» (på fransk). Ville de Nice. Arkivert frå originalen 13. september 2014. Henta 24. juni 2013. 
  17. «Miasta partnerskie i zaprzyjaźnione Nowego Sącza». Urząd Miasta Nowego Sącza (på polske). Arkivert frå originalen 23. mai 2013. Henta August 1, 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Netanya frå Wikivoyage