Nettet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nettet
Nettet
Nettet
Latinsk namn Reticulum
Forkorting Ret
Genitivsform Reticuli
Symbologi Namngitt av la Caille
Rektasensjon 4 h
Deklinasjon −60°
Areal 114 kvadratgrader
nr. 82 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne α Reticuli (3,4. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +23° og −90°

Nettet (frå latin Reticulum) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Stjernebiletet er mest synleg mellom oktober og desember, men er ikkje synleg på midlare og høgare breiddegrader på den nordlege halvkula.[1]

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Berre to stjerner i dette stjernebiletet er meir lyssterke enn tilsynelatande storleiksklasse 5: Alfa (α) og Beta (β) Reticuli. Den raudaktige stjerna R Reticuli er ein Mira-variabel. Denne variable vart oppdaga av C. Ragoonatha Chary ved Madras-observatoriet i India.[2]

Dobbeltstjerna Epsilon Reticuli består av ei stjerne med spektralklasse K2IV som har ein kvit dverg i bane. Basert på parallaksemålingar ligg desse kring 50 lysår frå sola. I 2000 vart det oppdaga ein planet rundt stjerna ε Reticuli A.[3]

Zeta Reticuli er ei vid dobbeltstjerne, der begge medlemmane liknar på sola. Dei ligg kring 39 lysår unna.

I 2005 vart det oppdaga ein type 1a supernova i spiralgalaksen NGC 1559, som ligg i Nettet.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Farinacci, Jeff A. (2008). Guide to Observing Deep Sky Objects. Springer. s. 150–151. ISBN 1-387-72850-4. 
  2. Kameswara Rao, N.; Vagiswari, A.; Thakur, Priya; Birdie, Christina. «C.Ragoonatha Chary and his Variable Stars». arXiv. Henta 13. juni 2016. 
  3. Chauvin, G.; Lagrange, A.-M.; Udry, S.; Mayor, M. (November 2007). «Characterization of the long-period companions of the eksoplanet host stars: HD 196885, HD 1237 and HD 27442. VLT/NACO and SINFONI near-infrared, follow-up imaging and spectroscopy». Astronomy and Astrophysics 475 (2): 723–727. Bibcode:2007A&A...475..723C. doi:10.1051/0004-6361:20067046. 
  4. ESO Public Affairs Department. «Celestial Blast in Bleak Reticulum». Europaan Organisation for Astronomical Research in the Southern Hemisphere (ESO). Arkivert frå originalen 18. februar 2013. Henta 13. juni 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nettet

Koordinatar: Sky map 04h 00m 00s, −60° 00′ 00″