Nettlesar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein nettlesar (engelsk web browser) er eit dataprogram brukt for å syna innhald frå verdsveven på ein dataskjerm.
Dei fleste sidene på Verdsveven vert overførte på HTML-format. Nettlesaren sin jobb er å tolka HTML-kodane for å plassera tekst og bilete rett når dei skal visast på skjermen, og å gjera det enkelt for brukaren å navigera blant websidene.
Nettlesaren Mosaic frå NCSA var den første populære nettlesaren med grafikk, og har mykje av æra for at folk tidleg fekk augo opp for Verdsveven.
[endre] Nokre populære nettlesarar i dag
- Microsoft Internet Explorer – proprietær, følgjer med Microsoft Windows.
- Firefox – open kjeldekode, utvikla i regi av Mozilla.
- Opera – Presto-basert, proprietær, utvikla av Opera Software.
- Safari – KHTML-basert, proprietær, standard på Mac OS X.
- Google Chrome – proprieter nettlesar frå Google.
- Lynx – GPL-lisensiert, standard tekstbasert nettlesar, følgjer m.a. med alle Linux-system.