Nettradio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nettradio er ei kringkastingsteneste over Internett. Nettradio treng ikkje vere tradisjonelle radiostasjonar som lokale- og riksdekkjande FM-stasjonar. Kringkasting på Internett er ofte referert til strauming.

Fordi radiosignalet er distribuert over Internett, blir det mogeleg å lytte på radiostasjonar frå heile verda. Det kan eksempelvis vere å lytte på lokalradio i Tyskland frå Noreg. På same måte kan vi frå Noreg reise til utlandet, og samtidig lytte på lokalradioen heime – dette kan gjerast frå heile verda.

Kringkasting av nettradio[endre | endre wikiteksten]

For å sende nettradio må tilbydaren ha lydkjelde som CD-plate, mp3 eller tilsvarande og tenar som kan sende lyden ut. Tenaren er ein datamaskin med programvare som tillet utsending av lyd. Slik programvare kan vere SHOUTcast, Streamcast, MuSE, Windows Media eller i kombinasjon med nettbaserte løysingar som PhpStreamcast. Det finst mange ulike løysingar, dette er berre nokre få.

Radiostasjonen overfører normalt musikk frå CD til harddisk, kjøper eller lastar ned musikk frå Internett. Dette blir lagt til i spelelister, som for vanleg avspeling. Radiostasjonen sender normalt denne sendinga vidare til eigne tenarar, med stor bandbreidd. Denne tenaren distribuerer sendinga direkte til lyttarar som brukar eigna radiomottakarar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Kringkasting av radio starta tidleg på 20-talet, men blei ikkje tilgjengeleg mobilt før i 1954 da transistorradio blei tilgjengeleg.

Nettradio følgjer same utvikling og er nyare form for radio. Nettradio har sidan 90-talet vore tilgjengeleg berre for datamaskinar med installert programvare til å spele av. Dette har dei siste åra endra seg i utvikling og i likskap med vanleg radio, blir nettradio mobilt og trådlaust tilgjengeleg for produkt som bilstereo, PDA og mobiltelefonar i neste generasjons nettverk.

Virtuelle radiomottakarar[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange virtuelle radiomottakarar på Internett. Den største er vtuner som har over 7800 nettradiostasjonar. I Noreg er kjende tenester Aerosol.no og lytte.no.

Ein virtuell radiomottakar opnar ei direkte kopling mellom klienten og radiostasjonen sine tenarar. På denne måten blir ikkje sendingar distribuerte vidare av mellomledd eller opphavsrett krenkt.

  • Kopling til nettradio → Frekvens
  • Vevside → Virtuell radiomottakar
  • Klient → Radiomottakar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Samlingar med stasjonar[endre | endre wikiteksten]

Klientar[endre | endre wikiteksten]