Nettstaden Blink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Blink var eit norsk nettsamfunn som fanst frå 2002 til 2011. Det blei drive av Dagbladet. Brukarar blei kalla «blinkere», medan brukarar med utvida rettar blei kalla «blinksmoderatorer». For å bli brukar måtte ein ha eit eige mobiltelefonnummer.

Nettstaden blei oppretta 1. februar 2002 av Fredrik Kristiansen og Morten Mitchell Larød. Blink hadde januar 2007 om lag 300 000 registrerte profilar.[1] Brukartalet gjekk ned i konkurranse med norsk Nettby og etterkvart også Facebook. I januar 2011 hadde nettstaden berre 4000 brukarar igjen. Dette gav ikkje grunnlag for vidare drift, og nettstaden blei avvikla 31. mars 2011.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 1. september 2006, henta 21. mai 2007 
  2. Blink - Takk for alt (2002-2011), arkivert frå originalen 22. juni 2013, henta 27. juli 2015