Neu-Ulm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Neu-Ulm
Petrusplatz i Neu-Ulm
Petrusplatz i Neu-Ulm
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Neu-Ulm
Neu-Ulm is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Schwaben
Neu-Ulm
Grunnlagd 1810
Geografi
Flatevidd
 - By

80,5 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

51 428
  634/km²
Koordinatar 48°23′0″N 10°00′0″EKoordinatar: 48°23′0″N 10°00′0″E
Høgd over havet 470-527 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 89201-89233
Telefon-retningsnummer 0731, 07307, 07308
Bilnummer NU
Heimeside: www.neu-ulm.de

Neu-Ulm er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg ved den høgre breidda av Donau i Schwaben med Ulm på den andre sida av elva. Byen oppstod då grensa mellom Bayern og Württemberg vart dradd langs Donau og Ulm vart delt i to. Andre nabobyar er Senden, Pfaffenhofen an der Roth, Holzheim, Nersingen og Elchingen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den moderne historia til Neu-Ulm byrja då Ulm vart delt mellom Kongedømet Bayern og Kongedømet Württemberg i 1810. Donau vart grensa mellom desse kongedøma, og landområda på høgresida av elva vart ein del av Bayern. Dette var starten for Neu-Ulm som ein sjølvstendig by.

På denne tida var Neu-Ulm svært liten med berre eit par hus, vertshus og landsbyen Offenhausen. Han vart framleis kalla «Ulm am rechten Donauufer» (Ulm på høgresida av Donau). Namnet Neu-Ulm vart først nemnd i 1814. Byen byrja først vekse i 1841, då Frankfurter Bundesversammlung annonserte at dei ville byggje festninga Bundesfestung.

Etter ønske frå Kong Ludwig I vart Neu-Ulm ein del av festninga. Etter at Neu-Ulm vart knytt til jernbanelinja til Augsburg i 1853, kom soldatar til byen, og det vart oppretta ein garnison her.

Byen byrja først å bløme under borgarmeister Josef Kollmann mot slutten av 1800-talet. Ei trikkelinje mellom Ulm og Neu-Ulm vart bygd i 1897, og i 1900 vart vasstårnet (som framleis er eit landemerke) bygd. I 1906 byrja ein å utvide Neu-Ulm utanfor bymurane. Dei første fabrikkane vart bygd, og byen heldt fram med å verte utvida.

Etter den første verdskrigen vart garnisonen nedlagd. Folketalet og velstanden voks, og han vart ein rik by. Den andre verdskrigen råka derimot byen hardt, og om lag 80 % av bygningane vart øydelagd under allierte bombetokt. Alle bruene over Donau mellom dei to byane vart øydelagd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Neu-Ulm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]