Neurolingvistikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Neurolingvistikk er den vitskapsgrenia som studerer hjernemekanismane som ligg attom språkleg forståing, produksjon og kunnskap, både av talespråk, skriftspråk og teiknspråk.

Neurolingvistikk er ei tverrvitskapleg vitskapsgrein, som bruker innsikt frå m.a. lingvistikk, neurobiologi, og informatikk.

Neurolingvistikk har vore tett knytt til afasiologi, studiet av afasi og andre språklege handikapp knytt til hjerneskade. Dei siste åra har arbeidet innanfor neurolingvistikk vorte lausrive frå afasiologi, og vorte drive over til kognitiv neurologi. Moderne teknikkar for å undersøke hjernen har gjort det lettare å forstå den anatomiske plasseringa til dei ulike språkfunksjonane. Slike teknikkar er m.a. PET og fMRI, som gjev bilete av energien som blir brukt i ulike delar av hjernen under ulike språklege prosessar. Til no har slike undersøkingar ikkje gått imot resultat som allereie var kjende frå afasiologi, men dei er dessverre upresise når det gjeld tidsdimensjonen (språkprosessen må strekke seg over tid for å få målingar av energibruk). I og med at tidsfaktoren er kritisk, bruker forskarane også andre teknikkar, slik som elektrofysiologiske teknikkar som EEG og MEG. Desse teknikkane gjev måleresultat på millisekundet, men eigenskapane til dei hjernefunksjonane som genererer elektriske signal er ukjende, så resultata av desse målingane er vanskelege å tolke. På grunn av dette blir EEG og MEG brukt framfor alt som støtteinformasjon for teoriar om dei neurobilologiske eigenskapane til språk. Viss ein lingvist t.d. har ein teori om at der to av tre ulike ordklasser som kan stå til slutt i ei setning har eigenskapar som skil seg frå den tredje, vil neurologiske data som viser ein tilsvarande elektrofysiologisk skilnad stø opp om ein slik teori, sjølv om vi ikkje er i stand til å forstå kva konkret denne skilnaden fortel om korleis hjernen fungerer (berre at det er ein funksjonsskilnad). Eit døme på eit viktig emne innanfor neurolingvistikk er N400 - effekten.

Eit fagfelt som står neurolingvistikken nær er psykolingvistikken, som prøver å avdekke dei kognitive mekanismane til språk med å bruke tradisjonelle teknikkar frå eksperimentell psykologi, t.d. analyse av slike indikatorar som reaksjonstid, feilprosent og augerørsler.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]