Neuwerk

Koordinatar: 53°55′N 8°30′E / 53.917°N 8.500°E / 53.917; 8.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neuwerk
Neuwerk
Neuwerk
Geografi
Stad Vadehavet i Nordsjøen
Koordinatar 53°55′N 8°30′E / 53.917°N 8.500°E / 53.917; 8.500
Øygruppe Dei austfrisiske øyane

Areal 3 km²

Administrasjon
Land Tyskland
Delstat Hamburg

Demografi
Folketal 36 (2006)
Folketettleik 12 /km²

Neuwerk er ei øy i Vadehavet i Nordsjøen utanfor kysten av Tyskland. Ho ligg nordvest for Cuxhaven, mellom elvemunningane til Weser og Elbe. Neuwerk er ein del av Dei austfrisiske øyane, er 3 km² stor og har 36 innbyggjarar (2006). Administrativt høyrer Neuwerk til Hamburg, sjølv om avstanden til byen er om lag 120 km.

Flyfot av Neuwerk i Vadehavet.

Ved fjøre er det mogeleg å gå til øya frå Cuxhaven, elles må ein nytte båt.

Dei mindre øyane Scharhörn og Nigehörn nær Neuwerk er fuglereservat, som er stengd for publikum. Alle dei tre øyane og Vadehavet rundt dei dannar Schleswig-Holsteinisches Wattenmeer nasjonalpark.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fyret på Neuwerk frå 1369.

Det eldste dokumentet som nemner Neuwerk er ein frisisk kontrakt frå 1316, der det gamle namnet Nige O er brukt.

Sidan Elbe var svært viktig for Hansaen i Hamburg vart det i 1299 reist eit 35 meter høgt tårn som fyr og vern mot sjørøvarar. Fyret som står der i dag vart bygd frå 1367 til 1369 etter at ein brann øydela det første. Det er den eldste bygningen i Hamburg og det siste festningsverket som vart bygd.

Tidleg på 1900-talet byrja turisme å verte viktig for Neuwerk.

Som følgje av Groß-Hamburg-Gesetz vart Neuwerk ein del av Preussen i 1937, og etter den andre verdskrigen vart han ein del av den nye delstaten Niedersachsen. I 1969 sa Hamburg frå seg gamle rettar om hamneeigedomar i Cuxhaven til fordel for Neuwerk og Scharhörn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Neuwerk