Nevø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nevø er ei slektskapsnemning for sonen til nokon sin bror eller syster. Ein kan òg nytta ordet brorson eller systerson for å vidare klargjera slektskapet.
Ordet «nevø» kjem frå fransk neveu, av latin nepos med same tyding. Det tilsvarande ordet for jenter, «niese», har ei liknande avleiing. Ei anna nemning for jenter og gutar nokon er onkel eller tante til er onkel- eller tantebarn. Desse nemningane kan opplevast som mindre formelle enn «niese» og «nevø».
Kjende nevøar [endre]
- Ole, Dole og Doffen er nevøane til Donald Duck
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- «Nevø» i Nynorskordboka til Dokumentasjonsprosjektet., «onkelbarn» i Nynorskordboka til Dokumentasjonsprosjektet., «tantebarn» i Nynorskordboka til Dokumentasjonsprosjektet.
- Er det lov å skrive tantebarn? ved foreldreportalen.no