Nevis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som viser plasseringa til Nevis i Karibia
Austkysten av Nevis

Nevis er ei øy i Karibia i øygruppa Lewwardøyane. Øya ligg kring 120 km nordvest for Guadeloupe og er den sørlegaste av dei to øyane i landet Saint Kitts og Nevis.

Nevis har eit areal på 93 km², og har om lag 11 200 innbyggjarar (2001). Den største byen på øya er Charlestown.

Nevis er ei relativt rund øy og er av vulkansk opphav. Det høgaste punktet på øya er Nevis Peak med ei høgd på 985 meter over havet. Dei viktigaste salsprodukta frå jordbruket er bomull og kokosnøtter, og i tillegg er fiske og turisme viktige næringar.

Nevis vart oppdaga av Kristoffer Colombus i 1493, og fekk namnet «Nuestra Senora de Las Nieves», på grunn av fjella som var dekt av skyer. I 1628 vart øya kolonisert av England, og er blant anna kjent for at Alexander Hamilton vart fødd der. Frå 1967 har øya vore ein del av St. Kitts og Nevis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Nevis» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]