New Delhi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av New Delhi.

New Delhi eller Nye Delhi (hindi नई दिल्ली, naī dillī) er hovudstaden i India. Saman med Gamle Delhi utgjer han storbyen Delhi som ligg i det føderale territoriet Delhi nord i landet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Qutb Minar blei reist av fleire mughalkeisarar.
Foto: Krishna Kartik

Medan Calcutta var den viktigaste byen i mesteparten av den britiske kolonitida, hadde Delhi historisk vore ein viktigare by for store delar av India. Mellom anna skal bharatadynastiet, som Mahabharata handlar om, ha hatt hovudstaden sin her. Fram til den britiske krona tok maktai India i 1858 var byen hovudstad for mughalkeisarane. På grunn av den statelege utsjånaden og atmosfæren blei Delhi mykje brukt av britane for større seremonielle samlingar, som kongelege vitjingar.

I 1911 annonserte dei britiske styresmaktene at hovudstaden skulle flyttast hit frå Calcutta, og flyttinga fann stad den 12. desember same året. Dei bygde ein ny by, New Delhi, sør for den gamle byen som Sjah Djahan hadde reist, og som no gjerne blir kalla Old Delhi. Allereie då overlappa den nye byen mykje av den gamle, slik at mange eldgamle monument blei liggjande i nye Delhi. Seinare byvekst har ført til eit endå vagare skilje mellom dei to byane.

Mykje av New Delhi blei planlagd av Edwin Lutyens på ein måte som kan minna om Washington eller Haussmanns Paris. Store, vide avenyar og prangande bygg skulle imponera nykomarar.

Då India fekk sjølvstende, fortsette New Delhi som hovudstad. Regjeringa i landet og presidenten held til her. Det gjer òg høgsterett og leiinga til den indiske hæren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: New Delhi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]